Hopp til innhold

Kjelder stadfestar: Ledig behandlingsplass kunne berga livet til Veronica

Ein ledig behandlingsplass på Kalfaret behandlingssenter i Bergen kunne ha berga livet til Veronica Heggheim Stegegjerdet. Det stadfestar no ei rekkje kjelder til NRK.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

DØYDDE: Veronica Heggheim Stegegjerdet blei funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal i fjor haust.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Helse Førde var klar over at Stegegjerdet hadde tilbod om plass, men henvisninga blei ikkje sendt før same dagen ho blei meldt sakna.

NRK har den siste tida fått stadfesta frå ei rekkje kjelder at Veronica Heggheim Stegegjerdet sjølv hadde teke kontakt med Kirkens Sosialtjeneste på Kalfaret behandlingssenter i Bergen i vekene før ho forsvann.

Dei hadde ledig plass til ho, men Helse Førde sørga ikkje for at Stegegjerdet fekk kome til behandling i Bergen. Leiinga i Kirkens Sosialteneste vil ikkje kommentere saka, men stadfestar at NRK sine opplysningar er korrekte.

Det vart og avtala at kommunen burde melde pasienten sakna

Notat frå Helse Førde

Var uroa for Veronica

I eitt internt notat NRK har fått tilgang til, stadfestar Helse Førde sjølv at dei ikkje tok tak i saka før fleire dagar etter at ho truleg var død:

«Hjelpeapparatet i kommunen var uroa for pasienten, og kontakta rusmiddelkonsulent torsdag den 23.10 2014. I samband med denne samtalen vart det munnleg avtala at kommunal ruskonsulent i lag med pasient fekk tilbod om time måndag den 27.10 2014. Til timen møtte berre kommunal ruskonsulent. Basert på samtalen mellom dei vart det skrive søknad Kalfaret behandlingssenter same dag. Det vart og avtala at kommunen burde melde pasienten sakna.»

Blei sett på venteliste

Helse Førde vil ikkje kommentere denne saka så lenge den er under gransking av Helsetilsynet. Dei hadde sett Veronica Heggheim Stegegjerdet på venteliste med frist til desember i fjor, altså fleire veker etter at ho blei meld sakna og funnen død. I det interne notatet heiter det følgjande:

«Pasienten vart søkt inn av fastlege 10.10 2014. Basert på henvisninga vart det sendt ut ventelistebrev datert tysdag 14.10 2014 til pasient og fastlege med frist for helsehjelp innan 2.12. 2014.»

Granskar samhandlinga

Helsetilsynet si gransking av Veronica-dødsfallet går no parallelt med politiet si etterforsking, som framleis ikkje er avslutta.

Det er fylkeslegen i Hordaland som utfører granskinga, som no omfattar Helse Førde, fastlege, ruskonsulent og ein psykolog.

Fylkeslegen vil ikkje kommentere NRK sine nye opplysningar, men stadfestar at kjernen i granskinga er om samhandlinga mellom dei ulike etatane var god nok.

For ein del pasientar så er jo samhandling snakk om liv eller død

Kari Lossius

– Liv eller død

Sjef for Bergensklinikkene og ekspert på rusbehandling, Kari Lossius, vil ikkje seie noko konkret om Veronica-saka. Men ho slår fast at samarbeid mellom ulike etatar er heilt avgjerande for ruspasientar.

– For ein del pasientar så er jo samhandling snakk om liv eller død. Om vi fagfolk ikkje klarer å samkøyre oss og dra i rett retning, så er det nesten heilt umogleg for pasienten å skulle greie å meister livssituasjonen sin på ein betre måte, seier Lossius.

Slik har utviklinga vore i Veronica-saka:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken» i nytt vindu