Hopp til innhold

BBC lovprisar rundtur i Sogn

Rallarvegen, Aurland og Solund blir lovprist av BBC Travel. – Den perfekte turen, blir reisa kalla.

Utsiktspunktet Stegastein

POPULÆRT UTKIKKSPLASS: Den spektakulære plattforma ved Stegastein, vekkjer begeistring både hos BBC og dei mange turistane som kjem hit.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det er BBC Travel som på nettsida si skryt av Vestlandet. Dei kallar det den perfekta reisa i Norge og har latt seg forføre av den norske naturen.

Teamet har vore langs Rallarvegen og får lære om alt arbeidet som ligg bak den. Dei har også sett på den flotte utsikta frå Stegastein, høgt over Aurland.

Der møtte dei ein av arkitektane bak den spektakulære utsiktsplattformen. Dei besøkjande går 30 meter ut i lufta, 650 meter over fjorden. Arkitekt Todd Saunders elskar å ta turen opp dit.

– Eg elskar reaksjonane til folk. Som regel høyrer eg «holy shit» på 15 språk, seier han.

Men det er ikkje berre indre strok som blir hylla. Christa Larwood som er kjent frå Lonely Planet, skriv på BBC Travel at Solund er perfekt for øyhopping.

Kristin Krohn Devold er den nye sjefen for NHO Reiseliv og seier til Dagbladet at det er moro at BBC tilrår denne turen.

– Eg tok faktisk same turen sjølv i sommar. Det er spesielt interessant at BBC har funne fram til padle-mekkaet Solund, seier Devold til Dagbladet.