Hopp til innhold

Batteriferja har trøbbel med straumen

Dermed vert ferjeturane med «Ampere»mellom Lavik og Oppedal utsette, og ingen veit når verdas første batteriferje er i full drift att.

Batteriferja Ampere

STRAUMBROT: Fleire straumbrot i helga gjev trøbbel for batteriferja Ampere. Det er uvisst kor tid ferja vil gå som normalt att.

Foto: Rune Fossum / NRK

– I løpet av helga har det vore fleire straumbrot på landanlegget i Lavik, og det fører til problema, seier regionsjef i Norled, Inge André Utåker.

Ikkje lenger ti-minutts opplading

For at batteriferja skal kunne gå må den ha straum, naturleg nok, men når straumforsyningsanlegget ikkje er i orden vert det straks meir utfordrande.

Landeanlegga som Norled brukar fungerer slik at dei ladar opp straum, og når ferja kjem til kai vert straumen dumpa på ferja og gjev den ekstra drivstoff. Og det er eit av desse ladeanlegga på land som akkurat no ikkje tek i mot straum.

– Dermed kan vi berre lade direkte. Og då vert mottakarenergien mykje mindre, og dermed får ferja mindre straum å gå på, forklarer Utåker.

Batteriferja har plass til 120 bilar og 340 passasjerar, og skal gå med 10–12 knops fart mellom Oppedal og Lavik. Overfartstida er på 20 minuttar, med ti minuttars oppladingstid.

Oppladingstida er no for kort og gjev ferja for lite straum å gå på.

Veit ikkje kor tid ferja går som normalt

Inge Utåker, Norled

JOBBAR PÅ: Regionsjef i Norled, Inge André Utåker, seier dei gjer det dei kan for å rette opp i feilen ved ladestasjonen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Konsekvensen irriterer mange, nemleg at fleire avgangar med ferja vert utsette.

– Dette skjedde laurdag føremiddag og sidan har det vore fleire som har arbeidd intenst med å finne feilen og rette den, seier Utsåker.

– Kor tid vil dette problemet vere løyst?

– Det veit eg ikkje og det er ingen som kan svare på det no. Dei som kan dette er på saka og jobbar så fort dei kan.

– Korleis er ferjetrafikken no?

– For augeblikket går ferjene mellom Lavik og Oppedal kvart 25. minutt og ikkje kvart 20. minutt som dei skal.

Einaste ferje utan utslepp

Norled overtok drifta av ferjesambandet Lavik-Oppedal frå årsskiftet etter at Fjord1, og tidlegare Fylkesbaatane, har hatt ansvaret sidan sambandet over fjorden vart opna i 1955, då mellom Lavik og Instefjord.

«Ampere» er den første heilt elektrisk drivne ferja i verda utan lokale utslepp. Reiarlaga meiner tida er inne for å satse teknologien, som potensielt kan spare Noreg for store utslepp.

Det har vore mykje om og men før ferja kom til ferjesambandet, og Norled har brukt tid på å få alt til å fungere slik det skal med ferja.

Omvising på batteriferga Ampere