Hopp til innhold

Båtførar gjorde alt rett – bad om hjelp på sambandet

Båtføraren som søndag ettermiddag fekk motorstopp ved Stabben utanfor Florø gjorde alt rett. Han varsla om naudsituasjonen på radiosambandet – og ikkje mobilen.

Geir Antonsen, RS Halvdan Grieg

FANGA OPP: Skipsførar Geir Antonsen og Redningsskøyta Halfdan Grieg fanga opp meldinga på kanal 16 og sette kurs rett mot fritidsbåten i problem.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var ein person i den 34 fot store fritidsbåten. Båten er no berga til kai.

– Føraren kalla opp Florø radio på kanal 16, men dette vart også fanga opp av redningsskøyta Halfdan Grieg som la flat pedal og gjekk til sjøs. Etter få minuttar var båten under slep til Florø, fortel Nils Ole Sunde ved Hovudredningssentralen på Sola.

– Bruk VHF

På Twitter-kontoen sin rår HRS alle fritidsbåtar om å ta i bruk radiokommunikasjonen, VHF, som er om bord i båten når nauda oppstår. Då kan hjelpa vere langt nærare enn ein anar.

Laster Twitter-innhold

For sjølv om mobilen kan vere ei god hjelp om ein veit kva nummer ein ringer, og situasjonen ikkje er prekær, så er VHF den beste hjelpa.

– Årsaka er enkel: Kallar du på VHF, så høyrer Kystradio og alle båtar i nærleiken kallet. Minuset med telefonen er at det er berre er den du ringer til som høyrer, utdjupar Sunde og konstaterer at den uheldige båtføraren søndag gjorde alt rett.

Usikre på bruken

– Det setter vi pris på. Vi har hatt fleire som har vore i tilsvarande problem som ringer etter hjelp på mobilen. Samstundes går det båtar forbi som kunne assistert, men som ikkje veit at det er problem, held han fram og vedgår at han ofte har undre seg over kvifor mobilen blir brukt framfor radiosambandet.

Skipsførar på Halfdan Grieg, Geir Antonsen, er av den same oppfatninga. Ei årsak kan vere at mange nyttar VHF så sjeldan at dei er usikre eller redde for å bruke den.

– Ein tyr ofte til det ein er sikker på, seier han.

– Test sambandet

For medan dei større båtane har årleg kontroll på sambandet, så er det ikkje same kravet til fritidsbåtar. Då kan det bli lenge mellom kvar gong den er i bruk.

– Vi oppmodar alle båtførarar om å teste VHF mot kystradio eller ein båtkammerat slik at ein er sikker på at den fungerer når ein vil trenge den, seier Sunde. For rekkevidd er ikkje noko stort problem for sambandet.

– Er det rett montert og fungerer, så vil uansett ein eller annan kystradio høyre deg om det ikkje er båtar kring, seier han.