Hopp til innhold

14 personar datt i vatnet frå ombygd livbåt

Brannvesenet sine dykkarar vart tilkalla då ein teltet på ein partybåt velta ut i sjøen saman med 14 personar ved Utkantfestivalen på Skjerjehamn i Gulen seint i går kveld.

Utkant 2015

UTKANT: Ingen kom til skade då partybåten med 14 personar kantra i natt. Dette biletet er frå Bob Geldof sin konsert tidlegare denne veka.

Foto: Gøril Sætre / NRK

– Vi fekk melding klokka 23.35 om at ein ombygd båt, ein gamal livbåt med platting og partytelt hadde kantra ved kai der oppe, seier operasjonsleiar hjå politiet i Hordaland, Arve Samsonsen.

Det var i utgangspunktet noko uklart kor mange som var ombord i båten, så politiet tok ingen sjansar.

– Vi fekk ganske raskt stadfesta at 14 personar hadde vore i sjøen og hadde blitt teke på land eller hjelpte på land. For å vere på den sikra sida sende vi opp dykkarar. Heldigvis var alle kome på land, og ingen kome til skade.

Veldig tidleg på staden

Før brannvesenet sine dykkarar kom til staden hadde ein fritidsdykkar som var på festivalen gjort eit søk.

Også politiet og redningsmannskap var veldig tidleg på staden.

– Politibåten var der ute på grunn av festivalen. Redningsselskapet var også der med eit fartøy. Vi var jo eigentleg på staden umiddelbart, så det var veldig bra, seier Samsonsen.

Kan bli politisak

Det enda bra for dei involverte festival- og festdeltakarane denne gongen.

– Vil politiet følgje opp om det var alkohol involvert eller om båten var bygd for så mange?

– Ombygginga framstår som noko vi kan kalle eit privat prosjekt. Vidare oppfølging vil eventuelt bli ved det lokale lensmannskontoret, seier Samsonsen.