Basketak og tjuveri av lettøl

Politiet i Florø og Førde måtte rykke ut fleire gonger i natt.

I Florø stoppa politiet ein moped med to personar. Føraren hadde ikkje løyve til å køyre moped, og politiet mistenkjer i tillegg at føraren var ruspåverka.

Både føraren og eigaren av mopeden vil bli melde til politiet.

Slagsmål

Politiet i Førde måtte gripe inn i eit basketak mellom to personar. Begge to måtte til legesjekk etter hendinga, opplyser politiet som vil følgje opp saken.

På morgonkvisten kontakta ein mann politiet etter at han var blitt slått til av ein annan mann i sentrum av Førde.

Hendinga førte til eit kutt i leppa og at gjerningspersonen vert meldt til politet.

Innbrot

Også politiet i Stryn har hatt arbeid som følgje av hendingar fredagsnatta.

Tjuvar har i løpet av natta sparka inn døra til Tjugen Camping i Loen.

Gjerningspersonen har fått med seg kioskvarer og ein mindre pengesum. Politiet har vore på staden og sikra seg spor, og vil etterforske saken vidare.

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.