Barne-TV-serien Klart eg kan var eit naturleg val då Den norske dokumentarfilmfestivalen (Dokfilm) i Volda skulle syne fram filmar for born denne helga. Episoden om 6 år gamle Lukas som trenar ballett falt i god smak.
Dokfilm er ein av dei fremste dokumentarfestivalane i landet, og har mellom anna eit eige barne-program. Her får barn og vaksne sjå filmar som er tilpassa eit ungt publikum.
I GOD SMAK: Publikum likte det dei fekk sjå av Klart eg kan.
Foto: Stian Sjursen Takle / NRK
– Lukas vart teken i mot litt som ei filmstjerne blant borna. Dei hadde mange spørsmål til han om korleis det var å bli filma, og om hobbyane hans.
Det fortel prosjektleiar for TV-serien i NRK, Stian Sjursen Takle. Han deltok på festivalen saman med Lukas for å fortelje om korleis serien blir til.
SKAPAREN: Eva Westvik står bak TV-serien Klart eg kan.
Foto: Øystein Torheim
Populær serie
Programskapar Eva Westvik har hausta mykje hyllest for både denne og tidlegare TV-seriar.
– Det var fleire, både born og vaksne, som retta opp handa berre for å seie at dei likte filmen. Det var veldig kjekt. Vi er veldig stolte av Klart eg kan. Og set stor pris på at publikum likar det.
PLUKKA UT: Programansvarleg Thorvald Nilsen valte ut Klart eg kan til Dokfilm.
Foto: Pressefoto
Programansvarleg for festivalen, Thorvald Nilsen, fortel at Klart eg kan vart plukka ut blant ei rekkje andre kandidatar.
– Vi valte denne filmen fordi vi likte den svært godt. Både filmen og Lukas var sjarmerande. Forteljinga var gjort på ei fin måte, som gjorde at vi kom tett på Lukas.
– Eg spurte etter filmen om publikum hadde likt den. Og det fekk eg eit unisont ”ja” på. Og så var det ein ekstra bonus at hovudpersonen sjølv var i salen. Publikum var veldig begeistra over det.