Hopp til innhold

No kan du ikkje lenger bruke bankkortet når du skal legitimere deg

Det nye bankkortet ditt kan no bli utan både bilete og personnummer. Og utan denne legitimasjonen kan mange ende opp med å ta med seg passet for å hente resepten sin på apoteket.

Bankkort

UTAN LEGITIMASJON: Folk flest er vande med at det er både bilete, namn, fødselsnummer og kontonummer på baksida av bankkortet. Mange bankar går no vekk frå dette.

Foto: Kim Jansson

– Dette er jo heilt vilt. Det er rett og slett tullball, seier ein hovudristande eldre mann i Førde.

Utanfor Vitus Apotek i Førde reagerer både han og mange av dei andre kundane når dei blir presenterte for det nye bankkortet frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Det skil seg nemleg mykje frå det bankkortet mange er vande til. I staden for namn, signatur, bilete, personnummer og kontonummer er det nye kortet nesten heilt kvitt på baksida.

Det einaste som står er kontonummeret og eigaren sin signatur. Dette kortet kan dermed ikkje brukast som legitimasjon.

– Dette er toskeskap, rasar ein annan eldre kar og får støtte frå ei kvinne litt opp i åra.

– Dette gjer ting berre meir innvikla i staden for enklare, sukkar ho.

Får problem på apoteket

Det folk er spesielt uroa for er korleis dei no skal greie få ut medisinen sin på apoteket. For skal du ha medisin på resept, må du i dag vise fram legitimasjon.

Butikksjef Timea Jurasik på Vitus Apotek i Førde opplever kvar dag at kundar som ikkje har førarkort, manglar gyldig identifikasjon fordi dei berre har det nye bankkortet.

– Ja, det er fleire som klagar, og det er litt problem for folk å legitimere seg på apoteket, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norsk pass

BRUKAR PASS: Mange apotek-kundar i Førde har allereie byrja ta med seg passet når dei skal hente ut medisin på resept.

Foto: Heidi Gomnæs / NRK

– Ikkje bankane sitt ansvar

– Det er trasig at dei ikkje får henta ut medisinen sin, seier Cecilie Øvrebotten i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ho meiner likevel ikkje folk kan klandre bankane for denne praksisen.

– Det er ikkje bankane sitt ansvar at folk har legitimasjon.

– Av omsyn til personvernet

Bilete på bankkortet stammar frå den gongen vi hadde sjekkhefte. Då måtte bankkundane ha bilete for å vise at dei var rett eigar.

I dag er det pinkoden som er vår legitimasjon når vi brukar kortet. Det har alltid vore fritt for bankane om dei vil tilby bankkort med bilete eller ikkje. Og mange bankar vel no det siste alternativet.

Sparebanken Sogn og Fjordane har hatt det slik sidan september i fjor.

– Den viktigaste årsaka til at vi har fjerna identifikasjonen er personvern. Bankkort med bilete, signatur og fødselsnummer kan vere ei kjelde til ID-tjuveri fordi det ikkje er god nok sikra mot forfalsking og kopi, seier Øvrebotten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Legitimasjon

ID-TJUVERI: Omsynet til personvern og kampen mot ID-kriminalitet er den viktigaste forklaringa til at bankane no går vekk frå bilete og fødselsnummer på bankkortet.

Foto: Aksel Kroglund Persson / NRK

Skal få eige ID-kort

Og ho får støtte frå Håvard Nordbø i Politidirektoratet.

– Det er meir pengar blant folk og difor meir grunn til å tileigne seg andre sin identitet eller opprett heilt falske identitetar, seier han.

Politidirektoratet jobbar no med eit nasjonalt ID-kort som alle nordmenn skal få innan utgangen av 2016. Grunnen er blant anna at dei ønsker at folk skal ha færre legitimasjonsbevis i lommeboka. Heilt i tråd med bankane sin politikk.

Delar kundane si uro

Det kjem til å bli langt vanskelegare å stele identiteten til folk med det nye ID-kortet, enn til dømes med eit bankkort, meiner Nordbø.

– Dette ID-kortet kjem til å innehalde fleire tryggleikselement, både med tanke på forfalsking, men også med tanke på kontroll slik at det er mogleg å verifisere at sjølve kortet er ekte, seier han.

– Forstår du dei som synst det er lenge å vente i to og eit halvt år på eit slikt ID-kort, no som mange av bankane allereie har byrja kutte ut legitimasjon på sine bankkort?

– Det forstår eg veldig godt, og eg deler den uroa. To og eit halvt år er ein ganske lang periode å vente, seier han.

Må ta med seg passet

Også ved apoteket i Førde er dei budde på at det kan bli problem i tida framover.

– Dette vil gjelde ein lang periode framover, og det blir nok sikkert eit problem for oss, seier butikksjef Timea Jurasik.

– Kva skjer med kundar som ikkje har med seg bankkort med legitimasjon og heller ikkje har førarkort?

– Det er ein del kundar som allereie tek med seg pass, fordi dei er kjente med problemstillinga. Mange kjenner vi også frå før. Om ikkje må dei finne ein eller annan form for legitimasjon og komme tilbake seinare, seier ho.