Hopp til innhold

La ekstra trøkk i programmet for å gje publikum noko for å ha stilt opp i 25 år

25 år med Balejazz vart feira med stor jubileumskonsert, sol og mykje folk. Årets festival sette nok ein besøksrekord for det populære arrangementet.

Created by InfoDispatcher

GLIMT: Her ser du glimt frå årets Balejazz. Foto/redigering: Elias Engevik. Reporter Leiv Thomas Faulkner

– Dette gjekk veldig fint. Vi har hatt strålande vêr og mykje folk og gode tilbakemeldingar frå både artistane og publikum. Dette har vore strålande, like strålande som vêret, seier direktør ved Kviknes hotell i Balestrand, Sigurd Kvikne.

Sigurd Kvikne

STRÅLANDE: Helga har vore strålande, seier festivalsjef og hotelldirektør, Sigurd Kvikne.

Foto: Elias Engevik / NRK

Balejazz hadde i år 25 årsjubileum, og feira seg sjølve med eigen jubileumskonsert.

– Opningskonserten kalla vi for jubileumskonsert. Det var litt spesielt, vi hadde sett saman tre forskjellige artistar, og det var ei heilt fantastisk oppleving, seier Kvikne.

Hurtigrutebesøk

I fjor møtte rundt 4.000 opp for å få med seg årets store hending i Balestrand. Festivalsjefen trur årets festival toppar den rekorden.


– Det var litt meir publikum i år enn i fjor. I overkant av 4.000, kanskje så mange som 4.250, men vi har ikkje rukke å sjå heilt nøyaktig på billett-tala, seier Kvikne.

Også Hurtigruta var forbi Balestrand laurdag kveld, noko som gav ein ekstra dimensjon til arrangementet.

– Ja, reknar vi med dei, var det jo 10.000 personar til, ler Kvikne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Konsert

TREKKPLASTER: Artistar som Big Bang og Valkyrien Allstars og Bo Kaspers skapte god stemning under 25 års jubileet til Balejazz.

Foto: Elias Engevik / NRK

Fullt i hotellhagen

Han er klar på at vêret har sitt å seie for kor vellukka arrangementet vart, sjølv om han ikkje trur det har hatt så mykje å seie for billettinntektene.

– Totalopplevinga vert heilt annleis enn om det hadde regna. Slik det var på laurdag med sommartemperaturar og strålande sol, det var nydeleg. Vi har vel aldri hatt så mange til stades nede i hagen på hotellet, så det er klart det betyr mykje, fortel Kvikne.

– Vi opplever at dei fleste er ute etter å gå på konsertar og dei er jo stort sett inne, så då sel vi billettar sjølv om det er dårleg ver, seier festivalsjefen.

Kvikne kan enno ikkje seie noko om talet billettar som er selt og korleis økonomien ser ut etter årets festival.

(Artikkelen held fram under biletet)

Publikum

FULLT: Hotelldirektør Kvikne trur rundt 4.250 personar møtte opp under årets festival.

Foto: Elias Engevik / NRK

Fleire musikarar

Balejazzen i år hadde like mange konsertar og arrangement som tidlegare år, men på grunn av jubileumskonserten hadde dei ein god del fleire musikarar med store band som Bo Kaspers og Zap Mama.

Sjølv om Kvikne så vidt har fått pusta ut etter årets Balejazz begynner snart planlegginga av neste års festival.

– Vi har jo sjølvsagt begynt å tenkje litt på kva vi skal gjere neste år, men no skal bli godt å kvile ut i ettermiddag i sola her, seier hotelldirektøren.