Hopp til innhold

– Det er ingen stilkarakterar no

SOGNDAL - RANHEIM 1-0 (NRK): Sogndaltrenar Eirik Bakke spår ein ordentleg krigekamp på laurdag. Då skal det avgjerast om det er Sogndal eller Ranheim som får spela i Eliteserien i 2018.

Eirik Bakke

IVRIG: Eirik Bakke var ofte nesten inne på bana for å ropa instruksjonar til spelarane sine.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det blir ikkje vakkert, seier Eirik Bakke om returoppgjeret i Trondheim på laurdag.

Publikum var best

Dersom det hadde blitt delt ut stilkarakterar denne kjølige novemberkvelden i Sogndal, hadde det neppe blitt 5 x 20 til heimelaget. Feilpasningane sat laust, og dei lukkast ikkje med å ta innersvingen på gjestene frå Trøndelag. I staden var det trønderane som var det førande laget før pausen.

Sogndal Fotball lova vekk 50 000 kroner til den skuleklassen eller organisasjonen som laga mest liv på tribunen. Det fekk folk på kamp, og nesten 5000 tilskodarar trassa minusgradene og laga ellevill stemning på Fosshaugane Campus. Men det Sogndal leverte på bana stod ikkje i stil til det publikum leverte på tribunen. Laga gjekk til pause med 0–0 etter ein omgang der Ranheim var det beste laget.

Kvalifisering til Eliteserien 2018.

LAGA LIV: Men er det liv laga for Sogndal i Eliteserien også neste år? Publikum gjorde sitt for at Sogndal skulle klara seg.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Etter kvilen løfta Sogndal seg, og Ole Martin Rindarøy sende heimelaget i leiinga etter 52 minutt. Ranheim pressa mot slutten, men Sogndal stod solid bakover. Laurdag er det returoppgjer i Trondheim, ein kamp Bakke spår blir ei knallhard batalje.

– Det blir krig, men det blir spanande. Me må opp nokre hakk frå i dag. Heldigvis har me eit par dagar på å fiksa det. Me er i førarsetet, og sjølv om me helst skulle hatt eit mål til, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..

Birkelund ut med skade

Eit skår i gleda var at Eirik Birkelund måtte ut med ei kneskade tidleg i første omgang. Han hinka ut frå garderoben på krykker etter kampen, og bergensaren er ferdig for sesongen.

– Det var leddbandet eller eit eller anna i kneet. Han er uansett ute på laurdag, så det gir oss ei ny utfordring på midtbana, seier Bakke.

Eirik Birkelund måtte ut med skade

15 MINUTT: Eirik Birkelund fekk eit lite kvarter på bana før han vart skada.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Han rosar publikum i årets siste heimekamp.

– Stemninga var heilt enorm. Dei hjelpte oss fram til siger på dag der ikkje alt fungerte. Eg greidde nesten ikkje å snakka til spelarane ute på bana. Det var viktig for oss å ha dei i ryggen i dag, seier han.

Ranheim gler seg til laurdag

Ranheim-spelar Øyvind Storflor skulle gjerne hatt med seg eit mål heim att til Trondheim, men ser likevel fram mot returoppgjeret laurdag med optimisme.

– Det er eit brukbart resultat, men me ville jo ha mål. Me er fullt på høgde med Sogndal, så me gler oss til dei kjem til Trondheim

– Me skal vera hakket betre enn i dag. Då scorar me eit par mål og held nullen, og då er me oppe, avsluttar han.

Øyvind Storflor mot Sogndal

HAR TRUA: Ranheimspelar Øyvind Storflor har trua på at dei rykker opp til Eliteserien.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix