Hopp til innhold

Følling vil ikkje avvise at eit sal av Fjord1-aksjane kan bli aktuelt

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) avviser ikkje at det kan bli aktuelt å selje fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1.

Jenny Følling og Fjord1

AVVISER IKKJE: Fylkesvaraordførar Jenny Følling vil verken stadfeste eller avkrefte at det kan vere aktuelt med eit sal av aksjane i Fjord1.

Foto: arkiv / NRK

I ettermiddag har fylkesutvalet hatt møte bak lukka dører, der dei har diskutert fylkeskommunalt eigarskap i Fjord1. Etter møtet ville ikkje Jenny Følling verken stadfeste eller avkrefte at det kan vere aktuelt å selje Fjord1-aksjane.

– Vi har drøfta eigarskapsstrategi, og utover det kommenterer eg ikkje noko meir. Vi har berre drøfta saka og ikkje fatta noko eksplisitt vedtak i dag, seier Følling til NRK.

Fleire gjekk på gangen

– Kva vart diskutert på møtet?

– Vi har diskutert eigarskapen i Fjord1. Vi er opptekne av å vere ein ansvarleg eigar. Difor har vi no drøfta korleis vi kan utøve den eigarskapen.

– Kvifor må dette skje bak lukka dører?

– Fjord1 er eit kommersielt selskap, og då er det ting vi må drøfte som er selskapsstrategiske og difor er møtet lukka, seier Følling.

Etter to timar diskusjon i ettermiddag vart tre personar vist på gangen. Det var styremedlemene i F1 Holding, som er eigarselskapet bak Fjord1.

Møte fylkesutvalet

VILLE OPNE: Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet ville opne det lukka møtet, men fylkesordføraren og fleirtalet stod på sitt og møtet er ikkje offentleg. Etter møtet sa Djuvik at han no aksepterer at møtet blei lukka.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

Har drøfta eigarskapen

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er eit av styremedlemene som måtte gå på gangen. I mellomtida vart det lukka møtet leia av fylkesvaraordførar Jenny Følling.

Ho ville ikkje gå i detaljar om kva som kom fram under møtet, men avviser ikkje at eit sal kan vere aktuelt – no eller seinare. Sjølv om dette ikkje er vurderingar som blei gjort i dag.

– Vi har drøfta korleis vi skal utøve eigarskapen. Vi er opptekne av å vere ansvarlege eigarar i alle dei selskapa vi eig. Fjord1 er eit viktig selskap for oss, og difor var det viktig å ha ein grundig debatt rundt det, seier Følling.

Ifølgje avisa Firda skal konsulentfirmaet Wiksholm i Oslo ha utarbeidd ei verdivurdering av selskapet som vart lagt fram i møtet.

Ville ha ope møte

Frank Willy Djuvik (Frp) forsøkte i siste liten å opne møtet. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) la opp til å stenge møtet frå starten.

Men gruppeleiar for Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, minte då om at han hadde sendt både administrasjonen og fylkesordføraren eit skriv frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Skrivet argumenterer for og syner kor viktig det er med meir offentlegheit, og at ein skal opne alle møte ein kan, og leggje fram alle dokument ein kan leggje fram. Ein kort debatt følgde, men konklusjonen vart at møtet framleis skal vere lukka.

– Møtet måtte vere lukka

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier møtet måtte gå for lukka dører.

– Det har med forretningsmessige forhold. På grunn av aksjelova og for bedrifta sitt beste kan ikkje møtet vere for opne dører.

– Det er mange innbyggjarar i fylket som er nysgjerrige på kva fylkespolitikarane meiner og vil med eit stort og viktig selskap som Fjord1: Burde de praktisert meir offentlegheit, spesielt i denne typen saker?

– Eg meiner vi praktiserer meir offentlegheit i den grad det er mogleg å gjere. Vi forheld oss ikkje til regelverket visst vi går ut over det vi gjer, og då ville det til sjuande og sist også vere til ulempe for innbyggjarane.

– Både du og administrasjonen din har ved to forskjellige høve fått kritikk for å ha halde tilbake informasjon, brev og skriv de burde ha delt med offentlegheita: Er vi sikre på at dette ikkje skjer igjen no?

– Eg jobbar målbevisst for at vi skal forholde oss strengt til regelverk og lovverk. Det er ikkje noko ønske om å ta unna frå offentlegheita ting som skulle ha vore opne. På ingen måte.

– Men vi må vere sikre sida. Vi kan ikkje oppfører oss slik at vi skadar selskap vi har eigarskap i.

Omstridd selskap

Det har vore kritikk mot fylkesordføraren og dei andre fylkestingsmedlemmane som har vore representerte i F1 Holding, eigarselskapet til Fjord1. Det har vore strid innafor i styret i Fjord1, og strid omkring leiarrolla til Reidar Sandal.

I tillegg er Fjord1 eit stort, fylkeskommunalt eigd selskap, som har slite med økonomien. Politikarar på den blå sida av politikken har ivra for sal av selskapet.

Men då NRK sin reporter på staden prata med politikarane før møtet, ville eller kunne ingen seie noko om kva møtet skulle handle om.