Hopp til innhold

Avdekka prostitusjon i Førde

Ein sunnfjording har akseptert eit førelegg på 25 000 kroner for kjøp av seksuelle tenester i Førde.

Lensmann Jan Egil Tvinde

FØRSTE GONG: Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, seier det for første gong er avdekka sal av sex i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Nyhetsspiller

Politiet vart måndag 24. oktober kontakta av Sunnfjord hotell som meinte at ein kvinneleg gjest på hotellet selde seksuelle tenester.

– Vi fekk eit tips om nokre nettsider der nokre jenter profilerte at dei selde seksuelle tenester og at dei var i Førde i tidsrommet måndag til tysdag, fortel direktør ved Sunnfjord hotell, Odd Erik Gullaksen, som raskt informerte politiet om informasjonen dei sat på.

– Rica Sunnfjord hotell gav oss beskjed om at det kanskje var ei kvinne på hotellet som selde seksuelle tenester. Gjennom samarbeid med dei, iverksette vi nokre tiltak og fann ut at det faktisk gjekk føre seg sal av seksuelle tenester, opplyser lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Vart pågripen ikkje langt frå hotellet

Episoden fann stad måndag kveld, og mannen som var mistenkt for å ha kjøpt seksuelle tenester, vart pågripen i 20-tida same dag.

– Mannen vart pågripen rett i nærleiken av hotellet. Han erkjende med ein gong dei faktiske forhold og gjentok dette i forklaringa til politiet. Han fortalde også at dette hadde skjedd ein gong tidlegare i Førde, for nokre veker sidan, seier Tvinde.

Førre gong skal ikkje sexkjøpet ha gått føre seg på Sunnfjord hotell.

Første gong i Sogn og Fjordane

Dama, som er av austeuropeisk opphav, vart straks vist vekk frå hotellet.

Den sikta sunnfjordingen har vedteke eit førelegg på 25 000 kroner. Dette for å ha kjøpt seksuelle tenester ved to høve dei siste seks vekene.

– Så vidt eg kjenner til, er dette første gongen slik kriminalitet har blitt avdekka i Sogn og Fjordane politidistrikt, seier Tvinde.

Kvinna som selde seksuelle tenester, er ikkje avhøyrt av politiet, då ho ifølgje norsk straffelov ikkje har gjort noko straffbart.

Tvinde legg til at det er grunn til å tru at også fleire har nytta seg av kvinnas tilbod.

– Sidan ho er her, så er det sannsynleg. Det er truleg ein viss marknad, seier Tvinde.

Vil prøve å ha litt meir kontroll

Sunnfjord Hotell

KASTA UT: Sunnfjord hotell varsla sjølv politiet om det dei trudde kunne vere sal av sex.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Også tidlegare har politiet fått tips om at det skal ha gått føre seg sal av seksuelle tenester i Sunnfjord, men det er første gong at politiet har klart å avdekkje slike tilhøve.

– Det var bra at vi klarte det denne gongen, seier Tvinde, som takkar snarrådige tilsette ved hotellet.

– Vi må jobbe vidare med dette framover, i forhold til å prøve å følgje med litt og ha litt meir kontroll på dette, sjølv om det ikkje er heilt lett, seier Tvinde.

Han trur ikkje dette er eit stort problem.

– Men vi ønskjer helst ikkje at slikt skal gå føre seg i det heile teke, seier Tvinde.

Ikkje høyrt om liknande på lang tid

Gullaksen presiserer at det er lenge sidan han har høyrt kollegaer i Rica-kjeda melde frå om liknande problem.

– Eg har ikkje høyrt om noko på lang, lang tid. Men dette skjer nok rundt omkring i Norge, ein skal ikkje vere naiv og tru noko anna. Ein må vere vaken og følgje med, seier Gullaksen.

Han trur likevel ikkje problemet er veldig stort.

Ei heilt uønskt type verksemd

– Eg har vore her i 12 år. Vi har vorte tipsa om slikt ein tre-fire gonger. Også då har vi gått inn for å sjekke opplysningane, men då har ikkje politiet klart å påvise slik aktivitet, seier Gullaksen, som trur gode rutinar hjå hotella, er med på å avgrense slik aktivitet.

– Vi har rutinar hjå oss, vi høyrer på kva folk fortel oss, følgjer med på kven som bur her. Har vi mistanke om noko, så gjer vi det same igjen. Denne type verksemd er heilt uønskt, seier Gullaksen.

Dama som selde seksuelle tenester, booka inn søndag, og hadde bestilt rom for to netter.