Hopp til innhold

Det er meldt ausregn i Måløy, lite nedbør i Førde og opphald i indre Sogn

Frå fredag ettermiddag til midt på dagen laurdag kan det kome opp mot 100 millimeter nedbør i ytre Nordfjord. Samstundes ser det ut til å bli veldig lite regn i Førde.

Flaum i Måløy

SLIK KAN DET BLI: Ausregn har skapt bry og ekstraarbeid i Måløy fleire gonger tidlegare.

Foto: Bjarne Eldevik

Og at det knapt kjem ein drope i Førde når det kjem eit slikt nedbørsområde inn over Vestlandet er ikkje vanleg.

På yr.no er det stipulert at det kjem ein stad mellom 54 og 106 millimeter ifrå Måløy fredag klokka 18 til laurdag klokka 12. I de normalt så nedbørsrike Førde er det meldt null til tre millimeter i same tidsrommet.

– Opphaldsvêr i indre Sogn

No trur vakthavande meteorolog Tone Kristin Thaule at det ikkje blir fullt så stor skilnad som vi kan lese på yr.no.

– Det er uvanleg at det er så stor skilnad på Måløy og Førde, men eg trur nok det kjem til å regne litt også i Førde i den perioden. Men i indre Sogn blir det opphaldsvêr, så det blir eit stort skilje på vêret frå utpå fredagen.

For dei store nedbørsmengdene konsentrerer seg i denne omgangen om det nordvestre hjørnet av Sogn og Fjordane.

– Det er ikkje noko stort område, men det blir ganske mykje nedbør, frå 50 og opp mot 80 millimeter på 24 timar, er vi retteleg uheldige kanskje endå meir. Det er litt usikkert kor mykje det blir, men vått blir det i ytre delar av Nordfjord, seier Thaule.

Jordskredvarsel

NVE (Norges Vassdrags- og Energidirektorat) har sendt ut varsel på gult nivå om fare for jordskred og flaumskred, men i varselet blir det streka under at fordelinga og mengda av nedbør er noko usikker.

Solveig Kosberg i Jordskredvarslinga til NVE seier at folk bør vere merksame på at dei store nedbørsmengdene kan føre til jordskred.

– Det er venta nokre få jordskred. Det kan og førekome store hendingar, men det er sjeldan det skjer på gult nivå.

Ho seier at det er viktig at dei som har grøfter, stikkrenner og kummar bør reinske desse slik at vatnet får renne fritt.

Full storm i tillegg

I tillegg til mykje regn blir kysten også heisøkt av sterk vind frå i morgon, seier meteorolog Thaule.

– Det blir opp mot full storm frå sør utover fredagen, så det blir både vindfullt og vått.

– Godt innevêr i ytre Nordfjord, med andre ord?

– Ja, det kan vi vel konstatere.