Hopp til innhold

Aurland kan bli NM-arrangør i boksing

Bokseklubben i Aurland ønskjer å arrangere NM for boksarar mellom 11 - 16 år. Det er venta 70 deltakarar og til saman 150 tilreisande.

Aurland Bokeklubb

Oskar Stigen Sørensen og Elias Langeland håper å få bokse på heimebane i Aurland under 'Barne-NM' i boksing i januar neste år.

Foto: Reinhardt Sørensen / Privat

– Det vil bety veldig mykje for Aurland bokseklubb og for rekrutteringa til sporten i vårt område dersom vi skulle bli tildelt NM, seier leiar i Aurland bokseklubb, Reinhardt Sørensen.

Deltakarane vil vere mellom 11 og 16 år, og arrangementet heiter eigentleg "Landsmeisterskapet i diplomboksing".

Reknar med 70 deltakarar

Sørensen viser til at det er mange dyktige folk i Aurland som vil bidra til å få til eit best mogleg arrangement.

– Ein kan rekne med om lag 70 deltakarar. Med støtteapparat vil det bli om lag 150 tilreisande. Får vi arrangementet av bokseforbundet, skal vi klare dette veldig godt, seier Sørensen.

Aurland bokseklubb arrangerte junior-NM i 2008 og vil ta med seg dei gode erfaringane derifrå.

– Vi har planlagt eit kompakt arrangement med overnatting i sjølve Aurland, seier Sørensen.

Glad for interesse frå Aurland

Erik Nilsen, generalsekretær i Norges bokseforbund, er glad for at Aurland har vist interesse for arrangementet.

– Aurland har stått bak gode arrangement tidlegare og er ein seriøs kandidat. Per i dag er det to kandidatar til å få arrangementet, men det kan bli fleire. Kven som får arrangementet blir avgjort av styret i bokseforbundet, i juni eller i september, seier han.