Hopp til innhold

Stadig aukande netthandel uroar

Lokale næringsdrivande merkar tøff konkurranse frå nettbutikkane. Berre i Sogn handlar folk til ein verdi som kunne gitt 50–100 arbeidsplassar, meiner Bjørn Skovly i avisa Optimisten.

eBay

NETTHANDEL: Nordmenn handlar stadig meir over internett.

Foto: Jane E. Brattland / NRK

Dagleg leiar Reidar Dvergedal hos Intersport i Sogndal er mellom fleire som merkar at netthandelen har auka jamt og trutt dei siste åra.

– Spesielt på ski har vi merka at netthandelen har auka. Ikkje minst i vinter har vi merka at fleire og fleire kjem inn med ski som dei har kjøpt andre stadar og skal ha montert bindingar, flytte over bindingar og eventuelt berre kjøpe sko, fortel han.

– Alarmerande

Dvergedal er uroa for utviklinga med auka netthandel. Både sportsbutikkar, kledesbutikkar og musikkforretningar er mellom dei som er tydeleg utsette for konkurransen frå nettbutikkane.

– Det er alarmerande for eit lite lokalsamfunn om ikkje verksemder klarer å støtte opp. Det er ekstremt viktig for oss som driver lokalt at vi faktisk klarer å ta hand om kundane våre og får dei til å handle hos oss, seier han.

Bjørn Skovly, som står bak avisa Optimisten i Sogn, deler denne uroa.

– Tenk deg om

Bjørn Skovly

ÅTVARAR: Bjørn Skovly åtvarar mot netthandel framfor handel i den lokale butikken.

Foto: Optimisten

Skovly fortel at netthandelen berre i Sogn kunne gjeve mellom 50 og 100 arbeidsplassar lokalt.

Han seier at folk må tenkje seg om når dei handlar på nett, fordi netthandelen går utover lokalsamfunnet.

– Dersom du finn det du skal handle lokalt til ein nokolunde fornuftig pris, så er ringverknaden av den handelen du gjer lokalt så stor at du ikkje skal tenkje på å ikkje bruke ditt lokale tilbod, seier Skovly.

Går utover sponsing

Skovly peikar på to hovudfølgjer av auka netthandel. Det lokale næringsliv er ofte sterkt inne på sponsorsida på kultursida.

– Det eine er at det blir færre arbeidsplassar. Det andre er at næringslivets moglegheiter til å støtte frivillig arbeid blir redusert, for det er av overskotet dei kan hente ut middel til å drive sponsorverksemd, seier han.