Hopp til innhold

Åtvarar mot det ho trur er rekognosering før innbrot

Tonje Været Bremer frå Hafslo ber folk vere obs på folk i ei grå stasjonsvogn som ho trur kan vere på utkik etter noko å stele.

Tonje Været Bremer/garasje

– EKKELT: Tonje Været Bremer og garasjen der ukjende personar fotograferte.

Foto: privat

Ho og mannen var på ferietur då leigebuaren deira ringde og fortalde om ubedne gjester utanfor huset deira. Leigebuaren hadde registrert blinking ved garasjen. Han gjekk ut og såg då at det stod nokre personar og fotograferte, fortel Tonje.

– Dei forstod at dei var oppdaga og prøvde å kome seg unna. Leigebuaren fekk tak i gensaren til den eine, men han greidde å slite seg laus og heiv seg inn i bilen. Det var ei grå stasjonsvogn, truleg ein Volvo, med litauiske skilt.

Ho trur at personane var ute på det som kan vere første steget i eit innbrotsraid.

– Dei fotograferer det dei meiner er lett omsettelege verdisaker. Så blir truleg bileta sende til andre personar som tek avgjerd om kva som eventuelt skal stelast. Og så kjem personane tilbake og stel sakene.

Mange har delt saka

Difor la ho saka ut på Facebook og bad folk om å dele den.

– Det er bortimot 60 som har delt saka, og det er så bra, nettopp for å hindre at slike ting skal skje. Det er ferietid, og mange er bortreiste.

Tonje Været Bremer er ikkje særleg glad for slike ubedne sommargjester.

– Det er ekkelt. Det betyr at nokon held heimen din under oppsikt, og det er veldig ekkelt. Vi har meldt saka til politiet. Dei kan førebels ikkje gjere noko anna enn å registrere det.

Ber andre vere på vakt

Tonje Været Bremer har til no sett på Hafslo som ei trygg bygd, men det synet har fått eit skot for baugen.

– For meg som kjem frå ein by har Hafslo vore ein trygg plass, eg er typen som kan forlate bilen med nøkkelen i tenningslåsen og sove med ulåst dør. For meg har dette vore ein kjempevekkar. Det er ikkje tryggare på Hafslo enn andre stader.

No håpar ho at andre er like vakne som leigebuaren deira var.

– Om dei stel noko så kan det erstattast. Men den kjensla av utryggleik som dei skaper får ein ikkje gjort noko ved eit forsikringsoppgjer.

– Meld frå!

Asle Karoliussen

– KJEND FRAMGANGSMÅTE: Lensmann Asle Karoliussen i Luster.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lensmann Asle Karoliussen i Luster kjenner att den aktiviteten som Tonje Været Bremer fortel om.

– Dei er ute og rekognoserer og gjer tilslag der dei ser det er mogeleg. Det er personar som jobbar i team der nokon undersøker og andre kjem inn seinare og gjer straffbare handlingar. Difor er det viktig at folk fylgjer med og ser til nabohusa, og skjer det noko som er unormalt er det betre at dei seier frå til politiet ein gong for mykje enn ein gong for lite.