Hopp til innhold

Kan vere fleire ulvar - men manglar bevis

Fleire ulveobservasjonar i minst fire kommunar i fylket har fått mange til å lure på om det kan vere meir enn ein ulv i fylket.

Ulvespor

ULVESPOR: Dette sporet frå Naustdal er nøye fotografert og målt.

Foto: SNO

Det er slått fast at ein svensk hannulv har streifa rundt og forsynt seg av sau på beite sidan tidleg i haust. I Naustdalområdet har sauebøndene mist rundt 158 dyr.

Statens naturoppsyn har den siste tida fått inn åtte ulike observasjonar av ulv i Sogn og Fjordane.

– Vi har fått inn synsobservasjonar frå Åse i Gaular, Moskog i Førde, Angedalen i Førde, Horstad i Naustdal, Savland i Naustdal og frå Hyen, fortel Finn Olav Myhren i Statens naturoppsyn.

Det er også funne sauer drepne av ulv i Sundsdalen og på Vie i Førde.

Sjå saka om ulven:

Sauebønder i Sogn og Fjordane er uroa over at det sett ulv fleire stader i fylket.

Korleis vurderer du dei observasjonane du har fått inn?

– Folk ringjer inn og fortel at det er ulv dei har sett. Ein ulv skal vere sett på ein veg ikkje langt frå bilen. Vedkomande fortel at han såg ulven ganske lenge. Der er det også teke bilde som underbyggjer synsobservasjonen ganske godt, fortel han.

Kan vere fleire ulvar

Finn Olav Myren

- TA KONTAKT: Finn Olav Myhren i Statens naturoppsyn seier det kan vere fleire ulvar, men at dei manglar prov på det.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ei anna melding går ut på at det er sett ulv som har jaga ein hjorteflokk over ein bø. I Angedalen skal ein ulv vere sett i ein saueflokk.

– Det skal også vere observert ein ulv på ein bø berande på eit hjortehovud, seier Myren.

Kor sikker kan du vere på at det er ulv som er observert og ikkje hund?

– Folk ser det dei ser og det er ikkje grunn til å tvile på folk. Samtidig er det berre ein ulv vi kan dokumentere har vore i fylket. Vi har tre ulike DNA-prøver som provar at ein ulv frå den svenske stammen har vore her. Vi har også ei prøve der det er usikkert om det er ulv eller hund. No ventar vi på svar på dei siste prøvene som er sende inn, seier Myhren.

Lettare å finne i snøen

Kor sannsynleg er det at det er fleire enn ein ulv i området?

– Det kan vere fleire enn ein ulv. Samtidig manglar vi prov på at det er fleire enn ein. Vi oppmodar folk til å ta kontakt dersom dei ser spor, finn skit eller hår, seier han.

Det har kome ein del snø dei siste dagane i dei områda ulven er sett. Kva har det å seie for den vidare jakta etter ulven?

– Sidan det har kome ein god del snø, vil det overraske meg om vi ikkje får inn meldingar om spor i tida som kjem. Det vil også vere enklare å sjå om det verkeleg er ulv, seier Myhren.

Ulv i Sogn og Fjordane