Hopp til innhold

Åtte meter under dei ligg vegen

Rekordstore snømengder på kort tid har stengt Vikafjellet for all trafikk i over ti dagar.
Brøytemannskapa jobbar dag og natt for å pløye seg gjennom meter på meter med snø.

Rekordstore snømengder på kort tid har stengt Vikafjellet for all trafikk i over ti dagar. Brøytemannskapa jobbar natt og dag for å pløye seg gjennom meter på meter med snø.

TV-sak frå Vestlandsrevyen. Reporter: Sindre Sunde Tveit. Foto: Steinar Lote. Redigering: Heidi Lise Bakke.

Dei må nesten bruke snorkel for å pløye seg gjennom snøen, medan dei jobbar knallhardt for å grave fram ei av hovudfartsårene mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Det er tidkrevjande, for vi snakkar om millionvis av kubikk med snø. Maskinene blir små i forhold til oppgåva. Dei blir vekke, seier Sigmund Stadheim, vegmeister i Mesta.

Det har aldri falle så mykje snø på så kort tid på Vikafjellet. Brøytemannskapa har i fleire dagar kjempa i skift heile døgnet, for å gjere vegen klar, og no nærmar dei seg.

Sjå dei enorme snømengdene i videoen øvst i saka!