Politikontroll - Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK
Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK

Åtte for raske og trimma moped

UP fekk brukt blokka si under ein kontroll på riksveg 15 i Stryn fredag kveld.

I løpet av ettermiddagen og kvelden har politiet kontrollert trafikken på riksveg 15 mellom Eid og Stryn. Politiet stilte seg opp i 80-sona ved Skredestranda, og det viste seg at fleire hadde det vel travelt.

Til saman åtte førarar fekk forenkla førelegg for høg fart, høgste målte fart var 113 km/t.

I same kontroll stogga politiet også ein mopedførar med trimma moped. Den vart avskilta og føraren politimeldt.

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.