Hopp til innhold

No skal det gjerast noko med Astruptunet

Astruptunet i Jølster står framfor ei etterlengta opprusting.

Astruptunet

TRENG OPPRUSTING: Astruptunet framstår ikkje slik det gjorde då Astrup levde. No skal det gjerast noko med det.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Både bygningsmassen, uteområdet og parkeringsplassen står til forfall. DNB Nor Sparebankstiftinga er i gang med å kartlegge kva som skal opprustast og kor mykje pengar dei vil bruke, fortel direktør Andrè Støylen.

– Vi veit at Astruptunet var viktig for Astrup, og han måla veldig mange av bileta sine derifrå. Difor er tunet veldig viktig for kunsten, og vi entar større interesse for tunet på grunn av utstillinga, mellom anna med fleire besøk frå internasjonale kunstjournalistar og andre.

Lansering i utlandet

Det er i samband med Sparebankstifinga si storstilte lansering av Astrup-kunst i utlandet neste år, at opprusting av sjølve Astruptunet i Jølster er under planlegging. Det heile startar i februar neste år med opning av ei stor Astrup-utstilling i London.

Utstillinga, som vil bestå av om lag 70 Astrup-måleri, går vidare til Oslo i juni og til Emden i Tyskland i september. Med det sterke fokuset på Astrup-bilete er det naturleg å oppruste sjølve Astruptunet, fortel Støylen.

Oddmund Klakegg

GLAD FOR TILTAKET: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Den viktigaste jølstringen

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) er svært glad for at Sparebankstiftinga vil bidra til opprusting av Astruptunet. Den eldste bygningen i tunet er over 250 år gammal, og behovet for vedlikehald er skrikande.

– Vi er sjølvsagt glade for alt positivt som skjer rundt Nikolai Astrup. Tunet blir halde i rimeleg god stand, men det er langt frå at det står fram slik det gjorde då Astrup levde og måla og portretterte Astruptunet. Nikolai Astrup er nok den viktigaste jølstringen vi har å fremja overfor omverda.

Den tidlegare så flotte hagen er i stor grad gjengrodd og parkeringsområdet treng opprusting.

Sparebankstiftinga vil samarbeide tett med andre instansar i denne saka, seier Andre Støylen.

– I første omgang er det snakk om å kartlegge behov for vidare tiltak, men vi hadde ikkje gått inn i dette om vi ikkje var viljuge til også å bidra økonomisk.