Hopp til innhold

Askvoll på friarferd til Fjaler og Hyllestad

Kommunestyret i Askvoll vil gå saman med Fjaler og Hyllestad i ny storkommune. Samstundes krev dei då kommunesenteret i kommunen.

Askvoll sentrum

SENTER: Fleirtalet i kommunestyret i Askvoll inviterer Fjaler og Hyllestad til samtalar om ny kommune. I friarbrevet ligg også eit krav om at Askvoll får det nye kommunesenteret.

Foto: Steinar Bauge.

– Kommunestyret vil at ein skal ta opp kontakta med Fjaler og Hyllestad for å avklare mellom anna om kommunesenteret kan leggast til Askvoll, seier ordførar Frida Melvær (H).

Gunhild Berge Stang

VILLIGE: Fjalerordførar Gunhild Berge Stang seier ja til invitasjonen frå Askvoll, men er klar på at folket må høyrast på ny om det blir gjort store endringar i avtalen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bak vedtaket stod eit fleirtal på 15 medlemmar, medan seks av kommunestyrerepresentantane sa nei. Kommunen har ynskt å kople seg på ein storkommune med Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Det er ikkje dei like positive til.

Under møtet onsdag kom det fram at politikarar i kommunen har fått signal frå politikarar i Fjaler og Hyllestad at det kan vere opning for å flytte på kommunesenteret, men Melvær seier det ikkje er formell informasjon om dette. Ho veit heller ikkje kor realistisk kravet er, og spelar ballen over til Fjaler og Hyllestad.

– Må høyre folket på nytt

– Eg kan ikkje forskottere korleis formannskapet og kommunestyret i Fjaler vil forhalde seg til dette. Blir det så store endringar i intensjonsavtale som dette, så må det ut på ny folkehøyring, seier Fjalerordførar Gunhild Berge Stang.

Frida Melvær

SIGNAL: Ordførar i Askvoll, Frida Melvær, vil ikkje meine noko om kor sannsynleg det er at Fjaler og Hyllestad går med på deira krav om kommunesenter.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det ligg også inne i Askvoll sitt vedtak at folket på ny må få seie si meining. I folkerøystinga som vart gjennomført i april sa 40 prosent av dei som røysta i kommunen nei til begge dei to samanslåingsalternativa som då låg på bordet. I Fjaler hadde ein opinionsundersøking og der ville 57 prosent av dei spurde gå saman med Askvoll, Hyllestad og Solund. Stang stiller seg positiv til å ta opp igjen dialogen med naboane om ein felles kommune.

– Vi har allereie lagt opp til at vi er villige til å sjå på intensjonsavtalen på nytt, men det er viktig at vi også får med Hyllestad på dette.