Hopp til innhold

Asfaltkant årsak til to ulukker?

Politiet har mistanke om at ein asfaltkant kan vere medverkande årsak til to trafikkuhell inne i Kvernhaugtunnelen på fv 55 i Høyanger.

Trafikkulukke ved Kvernhaugtunnelen i Høyanger.

DEN ANDRE AV TO UHELL: Kø utanfor Kvernhaugtunnelen i Høyanger 16. mars.

Foto: Geir Ivar L. Ramsli / Ytre Sogn

Dei to uhella den 26. februar og 16. mars er svært like. I begge tilfella har bilane fått høgre hjulparet utanfor ein langsgåande asfaltkant. I begge tilfella har sjåføren ratta litt for hardt til venstre for å kome over kanten, og i begge tilfella har det resultert i at dei miste kontrollen, bilane har «snurra» i vegbana og hamna i tunnelveggen.

– Vi gjer oss våre tankar om årsakssamanhengar, og vi vil ikkje utelukke at den langsgåande asfaltkanten i tunnelen kan vere ei medverkande årsak, seier politiførstebetjent Arnt Olav Aas til avisa Ytre Sogn.

Ekstra asfaltkant

Då NCC la ny asfalt på fv 55 i Høyanger i fjor asfalterte dei ikkje heilt ut til den eksisterande asfaltkanten. Dermed vart det ein ekstra asfaltkant eit lite stykke inne i vegbana. Det er denne kanten dei to bilane har kome utanfor.

NCC har vedgått at asfaltlegginga sist haust ikkje er i samsvar med den kontrakten selskapet hadde med Statens vegvesen.

I tillegg til den ekstra asfaltkanten inne i Kvernhaugtunnelen handlar det om ein skarp kant ved avkøyringa til Høyanger sentrum.

Overingeniør Jan Bremer Remø i Statens vegvesen seier til avisa dei ikkje kan slå fast at asfaltkanten er skuld i uhella i tunnelen, men at dei heller ikkje kan utelukke at det er ein samanheng.

– Difor har vi sett opp fareskilta «Annan fare» og «Langsgåande asfaltkant» utanfor begge tunnelmunningane.

Det var ikkje alvorleg personskade i dei to trafikkuhella.