Hopp til innhold

Åtvarar mot helsefare etter asbestfunn

Asbesten på fleire tomter i Lærdal kan utgjere ein helserisiko, seier Tom Eriksen, som er ekspert på asbestfare.

Branntomt i Lærdal.

KAN VERE ASBEST: Ekspert meiner asbeststøv kan vere ein helserisiko i Lærdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han meiner kommunen bør bruke vatn på tomtene der det er asbest, og han ber folk som var nær røyken om å vaske kleda.

– Er det mykje støv, er det også ein risiko for at støvet blir spreidd i området, seier Eriksen.

– Ikkje farleg for folk flest

Det er vind og svært tørt vêr i Lærdal denne veka, men teknisk leiar Alf Magne Hjellum i Lærdal kommune seier dei har rådført seg med fagfolk, og han meiner det ikkje er fare for at farleg asbest skal spreie seg i bygda.

– Vi har vore i kontakt med ekspertar på området, og dei seier at det ikkje er farleg for folk flest. Men dei som arbeider og må rote i tomtene må ha verneutstyr på seg.

Men Tom Eriksen som i går var på oppdrag i Lærdal, meiner det ikkje er nok. Han meiner kommunen må vurdere å spreie vatn over tomtene.

– Det vil eg absolutt tilrå. Vi har vore i tilsvarande situasjonar tidlegare der slike tiltak har vore sett i verk.

– Bør vaske kle og støvsuge

Også røyken under brannen natt til søndag kan ha innehelde asbest. Eriksen rår folk til å vaske kleda sine og støvsuge heimane om dei trur dei kan ha fått stoffet i hus.

– Då er det viktig å bruke verktøy som faktisk tek opp støvet, ein støvsugar med mikrofilter til dømes.

Asbest er eit frykta materiale på grunn av faren for kreft. Men Tom Eriksen understrekar at faren for å bli sjuk på grunn av eit eingongstilfelle som brann er forsvinnande liten.

– Den risikoen er ufatteleg liten. Det skal nokså mykje asbest til for å forårsake kreft.