Hopp til innhold

Årdølene står samla i sorga og tenner lys for dei tre drepne i busstragedien

Folk i Årdal står no samla i botnlaus sorg etter det fryktelege trippeldrapet måndag kveld. Mange tende lys for å minnast dei tre drepne.

Lys utanfor rådhuset i Årdal

TENNER LYS: Fleire har i løpet av kvelden og natta tent lyst for dei tre offera etter drapstragedien i Årdal. Mellom anna utanfor rådhuset og samfunnshuset på Årdalstangen.

Foto: Christian Blom / NRK

Ei uvanleg ro seinka seg over årdalssamfunnet natt til tysdag. Nokon fann saman i sorga, andre tende levande lys framfor rådhuset og samfunnshuset. Der var kriseleiinga i kommunen samla, og tok i mot pårørande.

– Det er uverkeleg, eg las om hendinga på nyheitene, sidan det ikkje er eg som er vakthavande prest. Men eg skjønte jo fort at dette var ein situasjon som kravde meir bemanning enn akkurat den som hadde vakt.

Det fortel vikarprest i Årdal, Kjell Olav Høstaker Nordheim, til NRK.no utanfor pårørandesenteret på Årdalstangen.

Står midt i sorga

No står han midt i sorga og i kommunen som er så hardt råka av dei brutale drapa i bussen på fjellet mellom Årdal og Tyin. Tre menneske vart liggande att drepne etter at det som truleg er ein asylsøkjar frå Sør-Sudan gjekk amok med kniv på ekspressbussen.

– Etter ei slik tragedie, så er det så mange som vil oppleve at dei er omfatta, også på den måten at dei føler på ei sorg og ei smerte. Det blir synleggjort kor små vi er, kor sårbare vi er og kor avhengige vi ar av kvarandre, seier presten.

No planlegg han open kyrkje på Årdalstangen frå klokka 15.00 tysdag, og inviterer alle til å kome saman i den endelause sorga.

Kjell Olav Høstaker Nordheim

SAMLA OM SORGA: Tysdag ettermiddag held vikarprest Kjell Olav Høstaker Nordheim open kyrkje på Årdalstangen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kom raskt til åstaden

Utanfor pårørandesenteret står også Hanne Stedje. Journalist i Sogn Avis, men like mykje årdøl og ein del av det hardt råka samfunnet. Sjølv rykte ho ut då alarmen gjekk, og var raskt framme ved åstaden ved Holsbru.

– Vi fekk først melding om at det hadde skjedd ei ulukke. Då tenkjer ein sjølvsagt sitt. Når vi kom opp dit og såg bussen framleis stå der, så håpa vi vil at då går det sikkert greitt. Når meldinga kom at det absolutt ikkje var greitt, så var det eit kjempesjokk, fortel Stedje.

Saka held fram under biletet

Hanne Stedje

FRYKTELEG OPPLEVING: Hanne Stedje er journalist i Sogn Avis, og årdøl. Ho var blant dei første på åstaden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Korleis er det å dekkje ei slik tragedie når du er frå Årdal?

– Det er veldig vanskeleg å vere akkurat i krysningspunktet mellom det å skulle ha den profesjonelle og faglege avstanden til det som skjer, og samstundes vere ein del av det samfunnet som blir råka.

Pregar samfunnet

På sosiale medium, i heimane og ute på gatene snakkar folk saman. Nokre, og stadig fleire, kjem til rådhuset for å tenne sitt lysande minne over dei tre drepne. Ei 19 år gamal jente, ein bussjåfør frå Valdres i 50-åra og ein svensk statsborgar i 50-åra blei offer for knivdesperadoen.

– Det er ingen tvil om at dette pregar eit lite samfunn. Våre tankar går sjølvsagt til dei som er hardast råka av denne tragedien. Men det råkar altså heile samfunnet på ulike måtar, det er det ikkje tvil om at det gjer, fortel den røynde journalisten.