Hopp til innhold

Årdøl ny fylkesordførar i Hordaland

Medan partifellene i heimkommunen sleikjer såra sine etter kommunevalet har eksilårdølen Anne Gine Hestetun (Ap) sikra seg vervet som fylkesordførar i Hordaland.

Anne Gine Hestetun

AP-ÅRDØL SOM JUBLAR: Anne Gine Hestetun blir ny fylkesordførar i Hordaland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ho toppar fylkestingslista til Arbeidarpartiet i Hordaland, som sikra seg 34,1 prosent av røystene og 20 av dei 57 mandata i fylkestinget. No er det gjort avtale med SV, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet som sikrar Hestetun vervet som fylkesordførar dei komande fire åra.

Det er Høgre som har hatt vervet dei siste fire åra med støtte frå Frp, Venstre og KrF. Alle desse partia hadde tilbakegang ved valet i går, Høgre miste fem mandat. Dermed må Tom-Christer Nilsen gje frå seg kjedet til Hestetun.

– Vi har eit fleirtal som står bak ein ny koalisjon slik at det blir skifte, og det gler eg meg verkeleg over. Eg kjenner på ansvaret, men eg er utruleg glad for at Arbeidarpartiet har fått så god oppslutnad, og at det var ein soleklar siger og at eg har fått slik tillit, seier Anne Gine Hestetun.

Harald Schjelderup og Anne Gine Hestetun

FRAM I BERGEN OG HORDALAND: Anne Gine Hestetun på valvaka i Bergen i natt, saman med Harald Schjelderup, som truleg blir ny byrådsleiar i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Stolt over å vere frå Årdal

Midt oppi gleda over sin eigen valsiger har ho fått med seg det som skjedde ved kommunevalet i Årdal.

– Eg har fått med meg at Arbeidarpartiet gjekk tilbake. Dei som styrer må ta dei vanskelege avgjerdene, og dei får tilbakemeldingar på godt og vondt. Slik er det i Årdal som elles i landet. Eg tykkjer Arild Ingar Lægreid har gjort ein framifrå jobb på vegner av årdalssamfunnet.

Sjølv om ho kjem frå Øvre Årdal var Anne Gine Hestetun godt vaksen før ho melde seg inn i Arbeidarpartiet.

– Men eg er godt forankra i sosialdemokratiet, og eg er utruleg stolt over å vere frå Årdal. I sluttappellen min på valvaka i går kveld trekte eg til slutt fram den verdien det er å ha fått vekse opp i eit godt sosialdemokrati der fellesskap og dugnader prega kvardagen.

Og ho har fått mange gratulasjonar frå Årdal etter valsigeren.

– Eg har fått ei oppbacking frå Årdal i valkampen som ingen ende vil ta, og det siste døgnet trur eg knapt det er ein årdøl eg kjenner som ikkje har gitt meg ei eller anna form for tilbakemelding. Det er veldig kjekt å bli hugsa på.

Pause frå politikken

Ho har vore engasjert i politikken i Bergen tidlegare, men har hatt ein pause nokre år og vore adm. direktør i eit bustadbyggelag i Bergen.

– Det enda i ein fusjon med OBOS, og då var det naturleg å gjere noko anna etterpå. At det vart politikk var litt tilfeldig, men Arbeidarpartiet hadde rigga eit så godt opplegg for meg at eg ikkje greidde å seie nei.

Og den bakgrunnen ho har frå næringslivet meiner ho skal kome godt til nytte i vervet som fylkesordførar. Når ho i oktober overtek etter Nilsen vil ho og koalisjonen mellom anna sette foten ned for nye, private og kommersielle aktørar innan vidaregåande skule.

– Vi har hatt ei utvikling som ikkje er tenleg. Private aktørar har etablert så mange skuleplassar i almenfag midt i passarspissen i Bergen sentrum, med linjer som er lette å drive. Dei utarmar økonomien i den vidaregåande skulen. Hordaland taper 100 millionar kroner i året på at det er så mange kommersielle og private aktørar.