Hopp til innhold

Årdal-Tyin først med fastmontert snøskredutløysing

Dei norske vintervegane skal for første gong sikrast av eit fastmontert system for utløysing av snøskred. Det første systemet blir montert på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin til sommaren.

Fastmontert skredutløysing

TEST: Geolog Njål Farestveit i Statens vegvesen i arbeid med eit testanlegg.

Foto: Statens vegvesen

Dette er berre starten, meiner Statens vegvesen.

I 2011 vart det testa eit fastmontert skredtårn som kan sikre norske vintervegar mot snøskred. No kan geolog Njål Farestveit i Statens vegvesen konstatere at det første fullskala sikringsprosjektet i Norge blir eit faktum.

– No er vi ved starten, no får vi inn tilbod. Når vi har evaluert tilboda og bestemt oss for eit system skal det byggast i sommar og vere i drift frå neste vinter.

Statens vegvesen vil ha eit system med fastmontert utstyr for utløysing av snøskred.

Frå testen av utløysing av snøskred. Foto: Ole André Rekkedal.

– Enormt behov

Fastmonterte system som skal løyse ut skred under kontrollerte former er for første gong lyst ut på anbod, og strekninga som skal sikrast er på fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal.

Stian Langeland

– RIMELEG SKREDSIKRING: Stein Langeland i Wyssen Norge.

Foto: privat

– Vi har utruleg mange skredutsette vegar i Norge, og det er eit enormt behov for å sikre norske vegar mot snøskred, seier Stian Langeland, dagleg leiar i Wyssen Norge. Han leverer eitt av alternativa som vegvesenet no vurderer.

– Det går ut på at vi plassererer eit tårn i fjellsida i losneområdet. Oppe på tårnet plasserer vi eit magasin der det ligg 12 sprengladningar. Når skredfaren aukar, blir vegen stengd mellombels, og vi løyser ut eit snøskred kontrollert.

Nytt verktøy

I tillegg er det ein fransk leverandør som tilbyr eit system som brukar gasskanonar, og ein annen leverandør som har eit taubanesystem som skal frakte sprengladningar ut til utsette område. Njål Farestveit i vegvesenet er begeistra.

– Det er første gongen i Norge, og det er for oss eit nytt verktøy i verktøykassen i tillegg til tradisjonell sikring som skredvollar, tunnelar og skredoverbygg. Viss vi får til dette med ei god drift kan vi truleg sikre mange fleire område for ein mindre sum pengar. Det er spennande tider.

Njål Farestveit

FØRSTE I NORGE: Geolog Njål Farestveit testar utstyr.

Foto: Statens vegvesen

Mindre stengetid

Edvin Rye er byggeleiar for det nye prosjektet, og han er heilt klar på kva som er målet med ei slik sikring.

Edvin Rye

– AUKA TRYGGLEIK: Byggeleiar Edvin Rye i Statens vegvesen.

Foto: privat

– Det er å auke tryggleiken og betre regulariteten, slik at vi får meir kontroll på vinterstengingane. Vegane blir ikkje så mykje stengde når det er dårleg vêr.

Førebyggande skredsikring blir brukt med stor suksess i Alpane og i Nord-Amerika. Langeland frå Wyssen meiner dette er starten på noko stort i Norge.

– Eg veit at Statens vegvesen vurderer denne forma for sikring på mange ulike plassar. Eg er sikker på at dette er ein metode vi kjem til å sjå mykje til i Norge dei komande åra. Det er ein høg kost/nytte-effekt. Det betyr at samfunnet får ein trygg og open veg for ei relativt lita investering, samanlikna med tunnelar og snøoverbygg.

– Årdal-Tyin ein «isbrytar»

Edvin Rye i Statens vegvesen seier at han har stor tru på prosjektet.

– Vi har store forventningar til det og reknar med at det blir ein slags isbrytar for å kome i gang med fleire liknande prosjekt i større skala på landsbasis.

Til neste vinter står det første sikringssystemet klart mellom Tyin og Årdal.