Hopp til innhold

Vanskeleg start for asylmottaket - men no er djupe konfliktar dempa

Asylmottaket i Årdal fekk den verste tenkelege starten med trippeldrapet i fjor. Men no får mottaket og lokalsamfunnet skryt for å ha dempa dei djupe konfliktane og skapt eit godt samhald.

Asylmottaket i Årdal fekk den verste tenkelege starten med trippeldrapet i fjor. Men no får mottaket og lokalsamfunnet skryt for å ha dempa dei djupe konfliktane og skapt eit godt samhald.

Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen.

Gjennom jobben som vaktmeister har Michael Gebremichael Behre vorte god kjent med lokalbefolkninga.

–Jobben gjer at eg kjenner mange folk her. Det er bra for meg. Dei kjenner meg også, seier Gebremichael Behre, som kjem frå Eritrea, men som har opphaldsløyve i Noreg og bur på asylmottaket i Årdal.

Sorg og frykt

Berre månadar etter at asylmottaket som opphavleg var uønskt i Årdal vart oppretta, drap ein mann som budde på mottaket tre personar om bord på Valdresekspressen.

Drapsmannen skapte sorg og frykt i det litle samfunnet

– Perioden i kjølvatnet av trippeldrapet var veldig tøff for alle, seier Anne Margrete Hatlelid ved Årdal mottakssenter.

Gjensidig innsats for å betre forholdet

For å betre forholdet til dei som bur i Årdal reiste asylsøkjarane ut til skulane for å fortelje om seg sjølve. Dei har jobba hardt for å verte kjent med lokalbefolkninga.

– Det er veldig viktig at dei som bur rundt mottaket veit kvifor dei er her, og kva deira historie er. Det er det vi prøver å få til, seier Hatlelid.

Men innsatsen går begge vegar.

– Me visste ikkje kva me kunne hjelpe dei med. Då dei synte interesse for å nytte kyrkja, var det naturleg å gje dei nøkkelen, seier Olav Nese som er prest i Farnes kyrkje.

Skryt frå UDI

Utlendingsdirektoratet (UDI) meiner Årdal og asylmottaket er eit eksempel fleire bør følgje.

– Når det gjeld veldig gode rutinar på alle område, anten det er retningsliner opp mot bebuarar eller retningsliner ut mot arbeid i lokalsamfunnet, så trur eg det er ein god del å læra, ja, seier Atle Berge, regiondirektør i UDI.

Michael Gebremichael Behre frå Eritrea har sett mykje skje på eitt år.

– Dei hadde rett i å vere redde oss i fjor. Men no kjenner dei oss, seier han.

Hva skjer med et lite lokalsamfunn der en asylsøker dreper tre tilfeldige busspassasjerer? Årdal kommune ville ikke ha noe mottak, men asylsøkere fra Eritrea, Sudan, Rwanda, Afghanistan og Somalia kom likevel til industribygda innerst i Sognefjorden. Hadde noen spurt innbyggerne hva det verste som kunne skje var, skjedde det i november. "Etter dette kan ingenting bli som før", sier folk i bygda. "Vi er ikke som ham" sier asylsøkerne, som ikke tør å gå ut i frykt for hvordan lokalbefolkningen vil reagere.

Sjå Brennpunkt-dokumentaren om Årdal: «Frykten han skapte».