Hopp til innhold

Årdal-dame vart hylla av partikollega på Ap-landsmøtet

Anne Kauppi frå Årdal vart hylla i landsmøtetale. Det vart mellom anna sagt at ho som person representerer verdiane til Arbeidarpartiet.

Anne Kauppi og Jette Christensen smilar strålande

GLADE: Anne Kauppi t.v. fekk mykje lovord frå partikollega og nyvald sentralstyremedlem, Jette Christensen under partiet sitt landsmøte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg trefte Anne i Årdal då eg var på reise. Ho fekk meg til å begynne å grine på veg heim. Eg vart rett og slett rørt av Anne sin innsats. For meg er ho eit godt eksempel på kva Arbeidarpartiet eigentleg er og står for, seier Jette Christensen.

Søndag vart Christensen frå Hordaland valt som nytt sentralstyremedlem. Ho er stortingsrepresentant frå Hordaland og peika ut som statsrådsemne. Ho har også leia kunnskapsutvalet til Arbeidarpartiet.

Christensen trekte fram Anne Kauppi frå Årdal i si tale til landsmøtet. Frå 4.56 til 6.20 pratar ho varmt om Kauppi.

Gir av seg sjølv

– Ein slik person som Anne Kauppi går ikkje på jobb, men er jobben sin, sa Christensen.

Kauppi har vore partimedlem i 30 år. Ho stiller i år til kommunestyreval og var på sitt første landsmøte. Til dagleg er ho leiar i Sogn Opplæringskontor og følgjer opp lærlingar.

Christensen trefte Kauppi på skulen der ho har sitt daglege virke og gir ungdom råd. Seinare var ho rundt om på ulike verksemder i Årdal og alle Christensen trefte hadde eit forhold til Anne Kauppi.

– Ho gir så mykje av seg sjølv for at andre skal ha det bra, og det er jo det vi i Noreg er verdsmeistrar på, seier Christensen.

Det levande engasjementet til Kauppi er svært viktig for det nyvalde sentralstyremedlemet og ikkje minst alle andre ho møter i kvardane sin, meiner Christensen.

– Ho er oppteken av å arbeide mot fråfall, og ikkje minst passe på at ungdom får riktige råd og vert tekne vare på på veg inn i arbeidslivet når dei vert lærlingar, seier ho.

– Naturleg for meg

For Kauppi sjølv er Arbeidarpartiet noko heilt sjølvsagt sidan ho er oppvaksen i Årdal. Årdølen brenn særleg for yrkesfag og lærlingplassar.

– Eg ønskjer at ungdom som startar på ei utdanning når dei er 16 år skal få lov til å fullføre den med eit fagbrev.

– Eg vart heilt sett ut då ho nemnde meg i talen sin. Det er så naturleg og viktig for meg å fronte verdiane som Arbeidarpartiet står for, og det vi ønskjer å skape for komande slekter, seier Kauppi.