Hopp til innhold

Arbeidsløysa på veg opp - 1 416 utan arbeid

Ved utgangen av januar var 1 416 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Heilt som venta, seier NAV Sogn og Fjordane.

Tore Thorsnes, NAV

VENTA: Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane seier auken i arbeidsløysa er som venta.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Auken er på 156 personar frå januar i fjor.

– Auken er ikkje større enn vi hadde venta og råkar spesielt menn i oljerelatert verksemd, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, i ei pressemelding.

Ni opplever reduksjon

Størst er utslaget i Flora, Høyanger, Hyllestad og Førde, som samla sett har ein auke på 174 ledige.

Samstundes har ni kommunar reduksjon i arbeidsløysa i januar. Størst reduksjon har Bremanger og Vågsøy med høvesvis 37 og 27 færre ledige enn på same tid i fjor.

Reduksjonen i desse kommunane skuldast færre permitterte i fiskeindustrien.

Under landsnivået

Lågast arbeidsløyse finn vi i Solund med 1,0 prosent, og Gaular og Hornindal, begge med 2,4 prosent. Hyllestad med 6,9 prosent, Flora med 4,4 prosent og Høyanger med 3,9 prosent, har høgast arbeidsløyse.

– Dette er dei einaste kommunane i fylket vårt som ligg over landssnittet, seier Thorsnes.

På landsnivå har arbeidsløysa auka med 13 prosent frå januar i fjor. Det er store forskjellar mellom fylka og det er vestlandsfylka og Agder-fylka som står for auken. Sogn og Fjordane har ein auke på 12 prosent.

Flest menn

Samanlikna med januar i fjor, har det blitt 174 fleire heilt ledige menn, mens det har blitt 18 færre ledige kvinner.

Dette skuldast at auken har vore størst innan mannsdominerte yrke innan industri, bygg og anlegg. Aldersgruppene over 40 år står for det meste av auken.

Det er spesielt innan industri, bygg og anlegg at det er flest nye arbeidsledige. Samstundes opplyser NAV at det er registrert 634 nye stillingar i januar. Det er 44 prosent meir enn same tid i fjor. Og auken er størst innan bygg, anlegg og industri.

– Dette viser at det framleis er gode moglegheiter for å skaffe seg jobb i Sogn og Fjordane, seier Thorsnes.