Hopp til innhold

Arbeidsledig? Gjer som Kine, og sjå til Sogn og Fjordane

EID/STRYN (NRK): Medan arbeidsløysa råkar store delar av landet hardt er situasjonen annleis i Sogn og Fjordane. Kan du tenkje deg ein jobb i det offentlege er det spesielt lyse utsikter.

Kine Solheim fann draumejobben i Eid.

NYUTDANNA: Kine Solheim gjekk rett frå skulebenken til draumejobben i Eid. I Sogn og Fjordane har behovet for arbeidskraft forsterka seg siste tida, i motsetnad til andre stader i landet.

Foto: Silje Guddal

– På intervjuet sa min noverande sjef at du er heilt fersk, og har kanskje ikkje den erfaringa. Eg svarte eg har inga erfaring, eg er nyutdanna eg må jo kanskje byrje ein stad. Du må gje meg ein sjanse, fortel barnevernspedagog Kine Solheim.

Ho er ein av fleire som siste tida har funne draumejobben i Sogn og Fjordane. For medan arbeidsløysetala stig i nabofylka og verksemder må seie opp tilsette, har talet på ledige stillingar i fjordfylket auka med 42 prosent frå oktober til januar, samanlikna med same periode året før.

Treng folk i alle bransjar

– Vi har eit behov for arbeidskraft i Sogn og Fjordane over tid. Det har forsterka seg seinaste tida, seier NAV-direktør Tore Thorsnes.

I januar var det registrert 634 nye ledige stillingar i Sogn og Fjordane. På grunn av eit generasjonsskifte i fleire yrke, som offentleg sektor, helse, omsorg og undervisning er det spesielt mange ledige stillingar der. Også i transportnæringa er det mange som nærmar seg pensjonistlivet. Bygg og anlegg går godt, og det same gjer reiselivsnæringa på grunn av den svake krone. Dette bidreg til om lag 200 ledige stillingar i desse sektorane.

For arbeidsgjevarar betyr dagens situasjon i fylket at dei kan velje og vrake i store søknadsbunkar.

Torfinn Moen i Stryn kommune.

LUKSUSPROBLEM: Hjå Torfinn Moen i Stryn kommune har fleire og betre utdanna folk søkt seg jobb siste tida. Han trur kommunen hans også i tida framover vil ha stort behov for fleire tilsette.

Foto: Silje Guddal

– Vi har både lyst ut stilling som økonomikonsulent, og fagstilling innan planlegging, som viser at vi har fleire med masterutdanning no enn vi har vore vande til tidlegare, seier Torfinn Moen, som er rådgjevar i Stryn kommune.

Ventar fleire ledige stillingar framover

At Sogn og Fjordane ikkje er råka av oljekrisa på same måte som fleire andre fylket meiner NAV-direktøren arbeidsgjevarar i Sogn og Fjordane må nytte seg av.

– Det er ikkje slik at ein sit og ventar på at oljeeventyret skal oppstå igjen, for det gjer det jo ikkje.

Og fleire arbeidssøkjarar, også utanfor Sogn og Fjordane har no fått auga opp for moglegheitene i fylket. Og trenden i annleisfylket ser ut til å halde seg også framover.

– Eg vil seie at det blir forsterka i åra framover mot 2020. For Stryn kommune, så vil vi ha ca. 150 stillingar ledige, seier Moen.

Den nyutdanna barnevernspedagogen i Eid ser også at mykje har endra seg i stillingsmarknaden sidan ho sette seg på skulebenken.

– Eg ser jo at det er mykje meir ledige stillingar i dag enn for fire år sidan. Så eg tenkjer at det er ein gyllen moglegheit no, når ein ser alle dei ledige stillingane, seier Solheim.