Hopp til innhold

Arbeider utan tariffavtale

Utanlandske sjukepleiarar som er leigde inn, får ikkje tariffløn, hevdar Sjukepleieforbundet.

Sykepleier. Illustrasjonsfoto.

Sjukepleiarar frå utlandet har ikkje tariffavtale. Illustrasjonsfoto

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

- Vi arbeider mot sosial dumping, og difor må dei utanlandske sjukepleiarane få like rettar som dei norske, seier Oddgeir Lunde i Sjukepleieforbundet.

Oddgeir Lunde.

Oddgeir Lunde reagerer, og krev at alle skal ha tariffavtale.

Foto: NRK

Færre rettar enn andre


I dag rekrutterer Bremanger og Høyanger utanlandske sjukepleiarar gjennom selskapet Orange Helse.

Det Bergens-baserte selskapet rekrutterer utanlandske sjukepleiarar til om lag 30 norske kommunar.

- Sjukepleiarane i Orange Helse har ingen tariffavtale. Difor unngår selskapet å betale tariffløn, fortel Oddgeir Lunde, leiar i Sjukepleieforbundet i fylket.

Lunde seier det er fri flyt av arbeidskraft i EØS og EU- området, og då treng ein ikkje inngå tariffavtale. Dei har også færre bestemmelsar peikar Lunde på.

Avviser kritikken

- For meg er dette ein laus påstand eg ikkje kan halde meg til, seier administrerande direktør Nils Paulsen i Orange Helse.

Han seier det vert teke utgangspunkt i ei brutto årsløn på omlag 300.000 kroner. Frå dette blir det trekt reiseutgifter, skatt og utgifter til språkkurs.

Paulsen meiner han kan dokumentere at dei tilsette får løn etter tariff. Men han vedgår at dei ikkje har tariffavtale.

- Nei, det har vi ikkje. Ingen av våre norske, svenske eller litauiske arbeidarar har det. Det klarar vi ikkje på grunn av råmeavtalen i tariffavtalen.

- Fekk 60 kroner timen

I fjor brukte Stryn, Bremanger, Naustdal, Høyanger og Fjaler Orange Helse sine tenester. Så langt i år har Bremanger og Høyanger fått tak i litauiske sjukepleiarar gjennom selskapet.

Ein sjukepleiar i Stryn slo i fjor alarm. Ho hevda at ein utanlandsk kollega fekk berre 60 kroner i timen.

- Ho hadde informasjon at sjukepleiarar fekk 60 kroner timen. Vi arbeider mot sosial dumping, og sjølv om dei kjem frå andre land skal dei ha like rettar som alle andre, seier Lunde.

Paulsen avviser skuldingane om at sjukepleiarar fekk 60 kroner i timeløn i fjor.

- Enkelt fortalt har ein sjukepleiar i Norge ei startløn på 301 000 kroner i året. Dette er også utgangspunktet for våre tilsette, seier han.

Krev avtale

Lunde i Sjukepleiarforbundet krev at sjukepleiarane skal ha tariffavtale.

- Dei må allmenngjere tariffavtalen, seier han.

Lunde er også kritisk til at konkurransen vert hardare når nokon ikkje har ein slik avtale.

- Dei utanlandske sjukepleiarane jobbar fire veker intensivt om gongen, seks dagar i veka. I løpet av fire veker kan dei ha berre tre fridagar. Så er det 14 dagar attende i heimlandet, før ein ny intensiv arbeidsperiode i Norge, seier Lunde.

- Altfor intensivt

Han meiner dette fører til at sjukepleiarane kan gjere ein dårlegare jobb.

- Dette er ein veldig dårleg ordning, og det kan verke som dei gjer det slik for å unngå ein del regelverk. Vi set spørsmål ved kvaliteten på arbeidet når dei må arbeide så intensivt, og sidan dei ikkje har tariffavtale er det vanskeleg for andre norske firma å konkurrere med dei, seier Lunde.