Hopp til innhold

Tykkjer det er uheldig at arbeidet med evalueringane dreg ut i tid

Arbeidet med å trekkja lærdom av brannen i Gudvangatunnelen i fjor rører seg med sniglefart. Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland tykkjer det er uheldig at det dreg ut i tid.

Gudvangatunnelen

BRANN I TUNNEL: Dette vogntoget byrja å brenne inne i Gudvangatunnelen i august i fjor.

Foto: Arve Veum/Monika Blikås / NRK

Noralv Distad

TYKKJER DET TEK LANG TID: Aurlandsordførar Noralv Distad (H) seier det er viktig å få fakta for å finne ut kva som kan forbetrast.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Evalueringane til politiet, brannvesenet, Statens havarikommisjon for transport og Direktoratatet for samfunnstryggleik og beredskap er framleis ikkje klare åtte månader etter den dramatiske brannen.

– Vi ønskjer så raskt som mogleg å få faktainformasjon om kva som må gjerast av ulike tiltak. For Aurland kommune sin del, går det på organisering av brann- og redningsteneste. Det er uhyre viktig å få fakta og alle rapportar på plass så raskt som mogleg, seier Distad.

Opptekne av å trekkje lærdom

Fylkesmann Anne Karin Hamre sa på eit stort evalueringsmøte i Aurland i november at mange hendingar i Sogn og Fjordane hadde sett beredskapen og krisehandteringa på prøve. I salen sat dei alle, etatane og kommunane som var involverte i brannen i Gudvangatunnelen tre månader tidlegare.

Alle sa dei at dei var opptekne av å trekkja lærdom av det som svikta. Og minst seks evalueringar var på gang. Frå Statens vegvesen, politiet, brannvesenet, Helse Førde, Direktoratet for branntryggleik og beredskap – DSB – og Statens havarikommisjon for transport. Alle desse granskingane gjorde ordførar i Aurland, Noralv Distad, ein smule uroleg den gongen.

– Vi må sjå ting i samanheng. Det vi må unngå, er at det blir levert litt no og litt då, sa han.

Utfordrande med mange alvorlege hendingar

Ronny Iden

MANGE TUNGE SAKER: Politimeister Ronny Iden er heller ikkje ferdig med rapporten etter tunnelbrannen.

Foto: Truls Kleiven

Men slik har det langt på veg gått. Dei seks etatane kjem til å levera kvar sin evaluering. Politiet i Sogn og Fjordane skulle skriva ein samanfattande rapport på vegner av naudetatane, men det har falle i fisk. Noko av forklaringa er dei mange alvorlege hendingane i fylket det siste året, seier politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden.

– Eg hadde sett at vi kunna laga evalueringar som tok for seg det med samhandling. No vil det nok vere tema både i vår evalueringsrapport og i andre evalueringar.

Statens vegvesen og Helse Førde er allereie ferdige med sine evalueringar, men dei andre let vente på seg. DSB skulle ha sin rapport klar i februar. No håpar direktoratet å få han ferdig i løpet april. Det håpar òg politiet. Dei hadde rekna med å vera ferdig med sin i januar, men tre månader seinare er enno ikkje siste punktum sett. Politimeister Iden forklarar kvifor.

– Det er ein omstendeleg affære å skrive desse rapportane. Det har også skjedd mykje anna i politidistriktet det siste halve året som har fått mykje fokus, seier Iden.

Trur ikkje dei rekk fristen

Arvid Gilje

HELD PÅ Å SKRIVE: Brannsjef Arvid Gilje i Aurland håper å bli ferdig med rapporten sin i mai.

Foto: Arne Veum

Også brannsjefen i Aurland, Arvid Gilje, balar med å få skrive brannvesenet si evaluering. Han håpar no å bli ferdig i løpet av mai. Og sist ut er havarikommisjonen. Dei er slett ikkje sikre på at dei blir ferdige med si gransking innan fristen som er eitt år etter ulukka, altså 5. august. Det fortel avdelings direktør Rolf Mellum.

– Vi arbeidar framleis med å nå fristen på tolv månader. Eg ser allereie no at det blir krevjande, både på grunn av omfanget på undersøkinga og fordi sommaren er ei utfordrande tid for høyring og kvalitetssikring av det vi har skrive.

Vil samle trådane

På ordførarkontoret i Aurland må Noralv Distad berre konstatera at evalueringsarbeidet etter den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen i fjor ikkje blei slik han hadde håpa på. No kjem han sjølv til å prøva å samla trådane.

– Når desse rapportane ligg føre, ønskjer vi eit nytt møte der dei ulike aktørane møtast for å sjå hendinga i samanheng. Det er veldig viktig. Det var mange involverte i brannen og vi må dra lærdom av det som skjedde, seier Distad.