Hopp til innhold

«Asylmottaka må spreiast slik at ikkje nokre får stor belastning medan andre slepp unna»

300 kommunar i landet har ikkje asylmottak i dag. Provoserande, seier Høyanger-rådmann, som snart får sitt andre. Helga Pedersen (Ap) etterlyser ei jamnare fordeling.

Helga Pedersen

BYRDEFORDELING: Helga Pedersen, asylpolitisk talskvinne i Ap, meiner UDI må spreia asylmottaka så jamt ut over norske kommunar som det er praktisk mogleg.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Det er urettvist, og eg er kraftig provosert av sentrale styresmakter som ikkje fordeler byrdene knytt til den kraftige asylstraumen, sa rådmann Arve Varden i Høyanger før helga.

Industrikommunen i Sogn er éin av vel 100 som har asylmottak i dag. Dei resterande 300 kommunane i landet har ikkje mottak i det heile.

– Eg forstår godt reaksjonen frå Høyanger, seier Helga Pedersen, asylpolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.

Nokre «slepp unna»

Over 300 kommunar i landet har så langt ikkje asylmottak. Men Høyanger kommune er i ferd med å få sitt andre. Dei vil no ha ei meir rettferdig fordeling av flyktningemottaka.

"URETTVIST": – Eg er kraftig provosert av sentrale styresmakter som ikkje fordeler asylbyrdene, seier rådmann Arve Varden, her ved det eine av snart to asylmottak i Høyanger.

Utlendingsdirektoratet (UDI) avgjer kvar asylmottaka skal liggja. Ap vil ikkje endra denne ordninga, men meiner UDI må fordela mottaka så jamt utover kommunane som praktisk mogleg.

– Asylmottaka må spreiast på fleire kommunar. UDI må organisera dette slik at ikkje einskildkommunar føler at dei sit att med ei stor belastning medan andre slepp unna, seier Pedersen, som ber justisminister Anders Anundsen (Frp) syta for at UDI har nok ressursar til at dei kan ha god dialog med kommunane før nye mottak kjem.

– Samstundes må me ha forståing for at ting må skje raskt i dagens situasjon, seier Pedersen.

200 nye mottak

Talet på asylsøkjarar i Norge aukar sterkt, og det trengst kring 200 nye mottak i landet.

Regiondirektør Atle Berge i UDI sa før helga at dei i ei ideell verd ville ha prøvd å unngå fleire mottak i ein og same kommune, men at dei på grunn av den prekære situasjonen ikkje kan det.

Helge André Njåstad

VIL HA VETO: Helge André Njåstad (Frp) meiner kommunar bør få meir å seia i asylsaker.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Det har leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp), forståing for:

– Eit system, der me skal fordela asylmottak ut over alle 428 kommunar i landet, er heilt uaktuelt. Kommunane bør heller få meir dei skal ha sagt i asylmottakssaker.

Taus justisminister

Justisminister Anundsen vil ikkje kommentera om fordelingssystemet for asylmottak er rettferdig. Der Anundsen er taus, er Ingjerd Schou, asylpolitisk talsperson i Høgre, tydeleg:

– Tida er ikkje inne for å endra dette systemet. Utfordringa no er å sikra den kapasiteten som me faktisk treng.

Ingjerd Schou

EI SNART IRRELEVANT PROBLEMSTILLING: – At berre vel 100 kommunar har asylmottak, vil snart høyra gårsdagen til, seier Ingjerd Schou (H)

Foto: Shemsi Bunjaku

UDI lyser denne månaden ut konkurranse om å driva 15 000 nye asylmottaksplassar i landet. Det vil merkast i nesten alle kommunar, seier Schou:

– At berre vel 100 kommunar har asylmottak, vil snart høyra gårsdagen til.

Mottak nummer to

I Høyanger ventar rådmann Varden sitt andre asylmottak, berre eitt år etter at dei fekk det fyrste:

– Alle kommunar bør påleggjast å ta imot asylsøkjarar, slik me er med flyktningar. Hadde alle teke ansvar, kunne me ha løyst denne situasjonen på ein mykje betre måte.