Hopp til innhold

Ap-topp i Selje melde seg ut - kan komme tilbake for ny liste

Selje har ikkje direkte ordførarval i år.

Selje
Foto: Geir Jonny Aardal

Arbeidarpartiet i Selje har ein svært turbulent periode bak seg som følgje av sjukehussaka. Nærmast alle medlemmene melde seg ut i protest mot måten Ap sentralt – og på fylket – behandla sjukehuset på Nordfjordeid.

Nye lister

Ap-topp Ottar Nygård var ein av dei som melde seg ut. Han stiller no på topp på ei ny liste: Tverrpolitisk liste. Kva oppslutning denne lista får, er eitt av spenningsmomenta i Selje.

Også Venstre er tilbake i manesjen i Selje, etter å ha vore borte i to periodar. Venstre har pussa støvet av sin "gamle" frontkjempar Johan Kroken. Skal bli spennande å sjå om han samlar stemmer slik han har gjort ved val i tidlegare tider.

Når to nye lister stiller i Selje i år, må vi også ta med at ei blir borte. Folkeleg Fellesliste kjem ikkje tilbake ved dette valet.

Ordførarvalet

Ved dei to siste vala har Selje hatt direkte ordførarval. Gunn Helgesen (KrF) vart ordførar første gong i 2001, og vann dei direkte ordførarvala både i 2003 og i 2007.

Ho stiller på igjen, men denne gongen har ikkje Selje direkte ordførarval. Dei skal velje på vanleg vis ved fleirtalsval i det nye kommunestyret.

Utfordrarar

Med bakgrunn i sjukehusstriden i Nordfjord, er det eit spenningsmoment kor stor oppslutning Frp, men sjukehusaksjonist Svein Hansen i spissen, får. Dei fekk 21,8 prosent av stemmene sist, og vart nest største parti – rett bak Ap som fekk 22,3 prosent. Ordførarpartiet KrF fekk til samanlikning 19 prosent.

Det som gjer Selje ekstra spennande er at ved sist val var partia svært jamstore. Det gjer at fleire parti har musklar til å kjempe om ordførarklubba.

Høgre stiller med Magny Myklebust – ordførar ein kort periode før Gunn Helgesen tok over.

Senterpartiet stiller igjen med Ingmar Solvåg som er varaordførar i dag.

Og Ap har greidd å reise seg etter alle utmeldingane og stiller med Per Egil Hellebust. Etter det som har skjedd i Selje og Nordfjord er nok dei sjanselause.

Saker

Sjukehussaka vil heilt sikker påverke valet i Selje også.

Elles har Selje ein anstrengt økonomi som mange små kommunar har. Det skapar utfordringar i jobben med å gje innbyggarane best mogeleg tenestetilbod.

Det gjer også at diskusjonen om kommunesamanslåing truleg siglar opp i Selje.

Skulestruktur har vore heitt tema mange gonger i kommunen, og kan lett komme igjen.

Dei diskuterer nye vindmølleplaner, strandsonepolitikk og eigedomsskatt

Selje - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

FrP

Andre

1995

19,5

3,7

11,0

14,0

4,1

30,4

 

17,4

1999

15,4

 

5,5

20,4

3,0

22,3

13,5

19,9

2003

27,1

 

10,5

18,3

 

11,0

19,2

13,9

2007

22,3

  -

13,4

19,0

   -

17,4

21,8

  6,1