Hopp til innhold

Her kan du høyre den nye Ap-sjefen sine musikalske favorittar

Hilmar Høl er ihuga sosialdemokrat og leiar i Sogn og Fjordane arbeidarparti. Mindre kjend er det kanskje at han er svært interessert i musikk.

Hilmar Høl og artistar
Foto: arkiv / NRK

NRK Sogn og Fjordane har oppmoda fleire kjende sogningar og fjordingar om å gje lesarane sine musikalske favorittar til påskeferien.

Ein av låtane Hilmar Høl har vald ut er ikkje noko mindre enn ei sviske av dei sjeldne, og den gjev som ei påskegåve til kona si. Artisten er Garth Brooks, og låten sjølvsagt «If Tomorrow Never Comes».

– Kvar gong eg høyrer denne så tenker eg på kona mi. Alt ho har forsaka for at eg skal få driva med det morsomaste eg veit, politikk. Ho har stått rak ved sida mi, og nesten på eigenhånd fått hjula til å gå rundt på heimebane og teke seg av mine tre born. Eg føler at eg ikkje får takka ho nok, og denne songen får meg til å tenke på at det må eg snart få gjort, seier Hilmar og smiler.

Her Hilmar Høl sine påskefavorittar:

  • If Tomorrow Never Comes, Garth Brooks (her i coverversjon)

  • Bullshitter´s Lament, Blues Traveler

  • Conquer Me, Blues Traveler

  • Camouflage, Stan Ridgway

  • In the Ghetto, Elvis Presley

  • Behind Blue Eyes, The Who

  • Somliga går med trasige skor, Cornelis Vreeswijk

  • Thunder Road, Bruce Springsteen

  • Trubaduren, Vamp

  • Carmen, Marius Müller