Hopp til innhold

Meiner Ap må ta opp gruvesaka på ny

Sogn og Fjordane Arbeidarparti kan snu i synet på gruvedrift i Naustdal, meiner Terje Gjertsen, som er ordførarkandidat for partiet i Førde.

Terje Gjertsen

MOT GRUVEDRIFT: Terje Gjertsen er Førde Arbeidarparti sin ordførarkandidat. Her ser han på spørjeundersøkinga som fortel at eit fleirtal av Ap sine veljarar rundt Førdefjorden også er motstandarar av gruvedrift i Naustdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For no syner ei spørjegransking at fleirtalet av veljarane til partiet rundt Førdefjorden er mot gruveplanane. Det same er lokallaget i Førde.

Dette må fylkespartiet ta innover seg, meiner Gjertsen.

– Veljarane våre er på linje med den motstanden vi har signalisert gjennom vårt program og dei vedtaka vi har vore med på i Førde kommune.

Lokallaget i Førde har vore åleine i Arbeidarpartiet med sin motstand mot gruveplanane i Naustdal. Men ei undersøking Norstat har gjort for NRK syner at ikkje berre er 61 prosent av innbyggjarane rundt Førdefjorden mot. 61 prosent av Ap sine veljarar er også motstandarar.

– Det viser berre at dei som er nærmast er dei som er mest imot. Rundt om i fylket har dei ikkje den nærleiken til saka som vi har og blir ikkje berørte på same måten.

– Litt lettvint behandling


For fylkespartiet har heile tida vore for gruvedrift. Ordførarkandidaten i Førde meiner dei no må ta inn over seg folkemeininga.

Hilmar Høl

RESPEKTERER NEI-SIDA: Fylkesleiar Hilmar Høl i Ap.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg synest fylkespartiet hadde litt lettvint behandling då dei vedtok sine resolusjonar, men det er mi personlege meining. Det har vist seg at med dei rapportane som har kome og den usemja som har vore sidan så burde kanskje føre var-prinsippet ha telt meir.

Trur saka kjem opp på årsmøtet


Fylkesleiar Hilmar Høl seier eit nytt fylkesårsmøte kan snu deira standpunkt.

– Vi respekterer at vi har ei nei-side i partiet, og at dei truleg vil prøve seg igjen. Når partiet har årsmøte i mars 2015 kjem nok denne saka til å bli drøfta.

– Trur du fylkespartiet vil snu i saka?

– Det er berre eit fleirtal på årsmøtet som kan gjere det. Men dersom signala er slik at våre veljarar står for ein stor del av nei-sida reknar eg med at saka blir teken oppatt.