Hopp til innhold

Ap går for første gong i historia imot regjeringa i landbruksoppgjeret

For første gong i historia vil Arbeidarpartiet røyste nei til ei regjering sitt tilbod i eit landbruksoppgjer. No vil Ingrid Heggø og dei andre Ap-representantane ha med seg Venstre og KrF på eit brot mot regjeringa.

Folkehav foran Stortinget

STERK MOTSTAND: Bøndene demonstrerer si misnøye med tilbodet frå staten i jordbruksoppgjeret. Her framfor Stortinget, der det blei heldt appellar.

Foto: Johan B. Sættem / NRK

Det bryggar opp til enda sterkare storm i Stortinget om landbruksoppgjeret. Torsdag ettermiddag gjekk Arbeidarpartiet ut og stadfesta det ein har venta på. Nemleg at partiet for første gong går imot ei regjering sitt tilbod i landbruksoppgjeret.

Det har aldri tidlegare skjedd, heller ikkje i dei åra Arbeidarpartiet har vore i opposisjon tidlegare.

Vil ha med KrF og Venstre

– Vi har hatt det oppe i vår fraksjon i næringskomiteen, og vi har avgjort at vi kan ikkje gå ut og støtte det som ligg der. Nokon vil vel seie at det ikkje var uventa i og med at Ap aldri har gjort dette før, vi har aldri før røysta for noko anna enn det som kjem frå ei regjering, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) til NRK.no

Ap vil no ha med KrF og Venstre til å ta eit brot med regjeringa sin nye landbrukspolitikk og avvise det tilbodet som bøndene fekk. Dei to støttepartia har heile torsdag vore i drøftingar med regjeringa, og førebels er det ikkje avklara kva KrF og Venstre meiner.

Ved 18-tida blei det klart at forhandlingane mellom regjeringspartia og støttepartia held fram utover kvelden. Etter det NRK forstår er ikkje Venstre og KrF nøgde med regjeringa sitt tilbod til bøndene.

– Kan ikkje støtte dette

Bøndene kravde et jordbruksoppgjer med 1500 millionar kroner meir i potten. Regjeringa svarte med å tilby ein auke på 150 millionar. Noko som igjen førte til brot i forhandlingane, og omfattande aksjonar frå bøndene.

– Grunnen til at vi seier nei er ganske enkelt på grunn av dei strukturendringane som ligg i dette landbruksoppgjeret. Det er veldig langt frå det fleirtalet som ligg i Stortinget og det som vi har sagt om at vi vil ha landbruk over heile landet. Vi kan simpelten ikkje gå inn og støtte dette, seier Ingrid Heggø.

Kallar inn fylkesleiarane

Komande måndag er alle fylkesleiarane i Arbeidarpartiet kalla inn til møte på Stortinget for å seie sitt syn, men det er høgst usannsynleg at nokon av dei vil gå imot stortingsgruppa i dette spørsmålet.

– No frir vi til Venstre og Kristeleg Folkeparti om at vi skal setje oss ned og sjå på dette saman og kome fram til eit fornuftig opplegg på korleis vi skal handtere dette vidare, slår Heggø fast.

Til Nationen no i ettermiddag legg ikkje Ap sin landbrukspolitiske talsmann, Knut Storberget, skjul på at han vonar at regjeringa sine støtteparti også seier nei til landbruksoppgjeret.

– No må vi evne å leggje politiske kjepphestar bak oss. Det ville vore fint om KrF og Venstre ville vere med på det, seier Storberget.

Created by InfoDispatcher