Hopp til innhold

Ap vil ikkje frede tannklinikkar

FØRDE (NRK): 11 tannklinikkar i fylket står i fare for å bli kutta. Grasrota i Ap ville frede dei. Det gjekk ikkje partileiinga med på.

Votering i fylkesårsmøte i Arbeidarpartiet

GRASROT: Bremanger, Askvoll og Hyllestad lokallag ville frede tannklinikkar i fylket. Dei vart nedstemte i fylkesårsmøtet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Øystein Helle

SVEKKA TANNHELSE: Øystein Helle i Askvoll Ap nådde ikkje fram med kravet om å frede tannklinikkar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ein reduksjon i tal tannklinikkar vil føre til at mange kommunar mister sitt tannhelsetilbod. Det vil vere ei svekking av tannhelsa.

Det sa Øystein Helle i Askvoll Ap. Lokallaget hans hadde sendt inn eit resolusjonsforslag om at fylkespartiet skulle frede tannklinikkane som er føreslått nedlagt.

Protest mot nedlegging

Der stod det mellom anna:

«Årsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti krev at den offentlege tannhelsetenesta skal vere til stades i alle kommunar. Framlegget om å legge ned mange tannlegekontor kan vi ikkje godta.»

Konstituert tannhelsedirektør Clara Øberg har føreslått å kutte frå 28 til 17 tannklinikkar i fylket. Mellom anna i nettopp Askvoll. Øberg er tidlegare fylkespolitikar for Ap.

Også Bremanger Ap hadde eit resolusjonsforslag om klinikkfreding:

«Bremanger Ap vil rå fylkespartiet på det sterkaste til å arbeide mot ei nedlegging av tannhelsetenesta i Bremanger.»

Bremanger Ap røyster på fylkesårsmøte

RØYSTA I LAG: Bremanger Ap her ved Alice Beate Holm (f.v.), Tony Shyam Rajeswaran, Aud-Marit Sortevik og Espen Sortevik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Feil tidspunkt

Fylkesstyret innstilte på at dei to resolusjonane vart sendt over til fylkestingsgruppa. Det vil seie at innspela blir teke til orientering, men at det ikkje pålegg gruppa å røyste slik i fylkestinget.

Det protesterte Øystein Helle i Askvoll Ap på.

– Vi ber om at fylkesårsmøtet tek stilling til dette. Det er god sosialdemokratisk politikk å ha tannhelse der folk bur. Det er feil tidspunkt å kutte klinikkar no, når tannhelsa kan bli overført kommunane om få år.

Ville ikkje la seg binde

Hilmar Høl

HANDLINGSROM: Fylkesleiar Hilmar Høl sa fylkestingsgruppa treng rom til å kutte der dei meiner det er naudsynt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar og fylkestingsrepresentant Hilmar Høl svarte frå talarstolen.

– Vi (fylkeskommunen, . merk.) må spare 210 millionar. Då må vi kutte i alle tenester. Vi ber om at fylkesårsmøtet ikkje bind fylkestingsgruppa på denne måten. Vi må ha handlingsrom for å gjere kutta som trengst.

Saka gjekk til votering der 27 av dei 117 delegatane røysta for forslaga. Dermed er fylkestingsgruppa framleis fri til å legge ned klinikkar.