Hopp til innhold

Annika vann MGP Lokal

Annika Beinnes frå Vadheim får tidenes 13-årsdag. Då får ho reise til Oslo Spektrum og den norske MGP-finalen.

Før den tid, allereie på laurdag, får ho ein god forsmak under delfinalen i Florø. Då skal ho som vann, og dei fire andre som kom vidare, frå MGP Lokal på scena og synge like før sjølve tv-sendinga tek til.

Sjå Annika og dei andre synge før delfinalen i videoen her:

Vinnarane av MGP-lokal 2013 på den store MGP-scena

Sjå vinnarane synge på den store MGP-scena


Sjå video frå finalen i MGP-lokal nederst i artikkelen.

-Trudde aldri eg skulle vinne

- Eg er heilt mållaus. Eg har vore med alle åra før, men trudde aldri eg skulle vinne. Sjå på handa mi, ho skjelv enno, sa Beinnes til nrk-reporter Stian Sjursen Takle under den direktesendte lokal-finalen i samfunnshuset i Florø.

Annika Beinnes vinnar av MGP-lokal 2013 intervjua av Stian Sjursen Takle, NRK.

Annika Beinnes vinnar av MGP-lokal 2013 intervjua av Stian Sjursen Takle, NRK.

På bursdagen

- Og så er finalen på bursdagen min. Det blir tidenes feiring, la Beinnes til.
Til Oslo spektrum reiser ho åleine frå Sogn og Fjordane, men under delfinalen i Florø før ho med seg fire andre frå Sogn og Fjordane. Blant dei 16 finalistane plukka juryen etter ekstra lang tenke tid ut fem unge artistar som får prøve seg framfor over 3000 tilskodarar.

  • Sander Østby Birkeland, 12 år frå Førde.
  • Alice Kucevic Hugøy, 12 år frå Florø.
  • Madelen Rimstad, 10 år frå Åheim.
  • Henning Lad, 16 år frå Gaupne.

I tillegg kjem sjølve vinnaren, Annika Beinnes frå Vadheim. Vinnaren vart stemt fram på sms og ein fagjurye.

Delfinalen i Florø er den andre av fire, og gjekk på lufta på NRK1 klokka 19.55 laurdag. NRK legg ut video frå dei fem finalistane på den store scena i storhallen rett etter helga.

Finalen i MGP-lokal frå Florø Samfunnshus. 16 songtalent i alderen 10-17 år.

MGP-lokal 2013 - DEL 1


Finale i MGP-lokal 2013.

MGP Lokal del 2 2013


Finalen i MGP-lokal 2013 i Sogn og Fjordane. 16 songtalent i alderen 10-17 år.

MGP-lokal 2013 del 3


Finalen i MGP-lokal Sogn og Fjordane. Jenny Skavland og Erik solbakken kårer vinnarane.

MGP Lokal 2013 SF DEL 4