Hopp til innhold

Tingretten sin dom etter alvorleg ulukke blir ståande - førar må i fengsel

Tingretten sin dom etter den alvorlege trafikkulukka i Bergstunnelen på riksveg 5 i Fjærland for snart to år sidan blir ståande. Det er klart etter at Høgsterett forkasta anken.

Trafikkulukke i Bergstunnelen.

FRONTKOLLISJON: Fem personar vart skadde i den kraftige frontkollisjonen på riksveg 5 i Bergstunnelen i midten av april 2012.

Foto: MMS-tipsar

Fem personar vart sende til sjukehus etter at to bilar frontkolliderte i tunnelen i midten av april 2012. Ein av dei skadde sveva ei stund mellom liv og død, og låg på sjukehus i fem og ein halv månad etter ulukka.

Den eine bilføraren, ein mann i 60-åra, vart etter ulukka sikta for aktlaust køyring. Mannen var åleine i bilen og kom over i feil køyrefelt i forkant av kollisjonen.

Sogn tingrett dømde i haust mannen til 21 dagar fengsel utan vilkår. Han vart også frådømt retten til å føre motorvogn for ein periode på eitt år og seks månader. Til frådrag frå dette kjem perioden han var utan førarkort i samband med etterforskinga, som var sju månader.

Mannen i 60-åra anka dommen frå tingretten inn til Gulating lagmannsrett, som avviste saka. Anken gjekk på bevisdømminga under skyldspørsmålet, lovbruken, sakshandsaminga og straffeutmålinga.

Lagmannsretten meiner tingretten har grepe saka an på riktig måte. Dei vurderer bevisa i saka slik at dei ikkje kunne ha kome til ein annan konklusjon enn tingretten. Det blir vidare vist til at straffeutmålinga er i tråd med det som er rettspraksis, og at ei ankeforhandling ikkje ville kunne føre til lågare straff.

Denne avgjerda frå lagsmannsretten vart deretter anka vidare til Høgsterett. Dei har for kort tid sidan forkasta anken.

Dermed blir dommen frå tingretten ståande. Tingretten fann mannen skuldig i å ha brote straffelova sin paragraf 238, der han ved aktløyse hadde valda monaleg skade på ein annan person. Tingretten fann vidare at mannen også skulle dømmast etter vegtrafikklova sin paragraf 3, for å ha valda fare og skade.

Mannen må sone 21 dagar i fengsel, og vere til saman eitt år og seks månader utan førarkort. Han vart frifunnen for kravet om erstatning.