Hopp til innhold

Anbefaler vinterdekk

På fylkesveg 55 over Sognefjellet er det nødvendig med vinterdekk, melder Statens vegvesen. Her er det is på delar av strekninga. Ifølgje Vegvesenet er det også kome inn meldingar om glatte parti på riksveg 15 over Strynefjellet. Både på Hemsedalsfjellet, Filefjell og Årdal-Tyin skal det vere vått og bart, melder Vegtrafikksentralen.