SISTE: Onsdag føremiddag melder Haukeland universitetssjukehus at kvinna alvorleg skadd.
Ulukka skjedde på postbrua på Bruland rundt klokka 20 då kvinna kom ridande på ein hest.
NRK sin reporter på ulukkesstaden melde at det raskt samla seg mange ambulansar, politi og lege, for å ta seg av kvinna.
Klokka 20.40 opplyste politiet på Twitter av kvinna vart frakta til Førde sentralsjukehus for undersøking. Kvinna var medviten då ho vart frakta vekk. Seint tysdag kveld melde Helse Førde at kvinna i 40-åra er alvorleg skadd, men stabil. Ho blei overført til Haukeland universitetssjukehus.