Hopp til innhold

Alvorleg for mann (30) etter velt

Ein 30 år gamal mann ligg alvorleg skadd på Haukeland universitetssjukehus etter ei traktorulukke i Hornindal søndag føremiddag.

Traktorulukke i Hornindal

TIL SJUKEHUS: Ein mann i 30-åra vart frakta til sjukehus i Bergen med luftambulanse.

Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Politiet fekk melding om arbeidsulukka like før klokka 11 søndag føremiddag.

Ein mann i 30-åra skal vere skadd etter at traktoren han køyrde velta. Meir om kva som har skjedd kan politiet førebels ikkje seie noko om. Ifølgje politiet har mannen velta med ein eldre traktor utan hytte.

Avisa Fjordingen skriv at spor på staden tyder på at traktoren har sklidd ned ei lita skråning ved sidan av ein traktorveg, før den har velta.

Både ambulanse og luftambulanse vart sende til staden og mannen vart frakta til sjukehuset i Bergen med helikopter.

Skadeomfanget er førebels ikkje kjent, men så langt politiet veit skal det ikkje vere snakk om livstrugande skader. Redningsmannskap på staden skal ifølgje Fjordingen ha karakterisert skadane som alvorlege.

Søndag ettermiddag opplyser Haukeland Universitetssjukehus at mannen er innlagt med alvorlege skader.

Politiet har hatt folk på staden. Saka blir vidare etterforska av Stryn og Hornindal lensmannskontor.