Hopp til innhold

Aluminiumsprisen har ikkje vore lågare sidan finanskrisa

Prisfallet gjer at Hydro sine forventningar til det neste kvartalet er skrudd kraftig ned, etter at det første halvåret baud på solide overskot for metallverka.

Flytande aluminium

DRAMATISK PRISFALL: Prisen på aluminium har falle tjue prosent på tre månader.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Me følgjer med på prisane og er jo litt uroa når det går såpass lågt som det er no, seier hovudtillitsvald ved Hydro i Årdal, Bjørn Øvstetun.

I byrjinga av mai kosta eitt tonn aluminium over 2000 dollar. På tre månader har prisen falle til under 1600 dollar, ein nedgang på 20 prosent og den lågaste prisen sidan botnnivået under finanskrisa i februar 2009.

Kinesisk eksport pressar prisane

Årsaka er at Kina har byrja å eksportere aluminium i stor stil til den vestlege marknaden.

Egil Fredriksen

DÅRLEGARE TIDER: Etter å ha levert kjemperesultat i det første halvåret, forventar verkssjef i Årdal, Egil Fredriksen, trongare tider.

Foto: Tony Hall / Hydro

– Det var ein periode mot slutten på fjoråret og tidlegare i år, der prisane i vesten var ein god del høgare enn i Kina. Det gav dei kinesiske produsentar insentiv til å sende metall ut i den marknaden vi opererer i. Det er nok hovuddrivaren til at prisane har gått nedover no, seier informasjonssjef i Hydro, Øyvind Breivik.

Det første halvåret leverte metallverka i Sogn solide resultat. I Årdal var overskotet på 306 millionar kroner, mot 105 millionar Høyanger.

– Det tredje kvartalet kjem ikkje til å bli slik det har vore dei to første, konkluderer verkssjef i Årdal, Egil Fredriksen.

Han seier verksemda no må vere sparsame framover, men at den låge dollarkursen gjer situasjonen toleleg.

– Så lenge den ligg på det nivået vi har no, så er det ikkje så ille, seier han.

Håpar presset vil minke

Hovudtillitsvald Bjørn Øvstetun, seier dei tilsette ikkje er uroa for nedbemanning, sjølv om verksemda varslar innsparingar.

Bjørn Øvstetun

FØLGJER MED: Hovudtillitsvald Bjørn Øvstetun ved Hydro i Årdal følgjer spent med utviklinga, men er ikkje uroa for at arbeidsplassar skal ryke.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Her i Årdal er me på den produksjonen me skal vera og bemanninga lyt vera på plass. Så akkurat det er ikkje noko fokus hjå oss, seier han.

At prisforskjellane på aluminiumen i Europa og Kina no er utjamna, trur han kan bidra til at presset på den europeiske marknaden etter kvart vil minke.

– Vi håpar at eksportvoluma frå Kina skal gå litt ned no, men dette er det ingen som veit før vi har fasiten.

Uansett meiner han at selskapet har ryggrad til å tole svingingane dei no opplever.

– Vi toler ein god del, men eg håpar så klart at prisane går oppover, slik at vi kan få ei betre lønsemd enn vi opplever akkurat no.