Hopp til innhold

Mana til samla kamp mot sentraliseringsiveren

Kring 100 personar frå ullike samfunnslag og politiske leiarar slutta i dag opp om ein tverrpolitisk allianse mot sentraliseringspresset fylket er sett under.

Arne Johannessen

MANA TIL KAMP: – Det er no kampen står. Dersom ein ikkje vaknar i løpet av svært kort tid, så er det for seint, seier Arne Johannessen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mellom dei som tok talarstolen i Sogndal, var Arne Johannessen – lensmann, ordførarkandidat i Luster og tidlegare fagforeiningsleiar i politiet.

Han nemnde 19 område i Sogn og Fjordane som kan bli samla til «større og meir robuste einingar». Mange utanfor fylket.

– Det er ikkje sant det Oslo-makta seier, at desto større, desto betre. Innan mange område viser det seg at små einingar leverer gode resultat. Dei er robuste, men kanskje på ein annan måte enn det Oslo-miljøet meiner, seier han.

Avviser teorien

Politidistriktet, politiet sin operasjonssentral og brannalarmsentralen, alle i Florø, er spesielt utsett. Det er også desse reformene som først skal opp til politisk handsaming på Stortinget.

Tverrpolitisk allianse mot sentralisering

MÅLA: Arbeidsgruppa bak alliansen har sett seg ei rekkje mål for arbeidet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I tillegg kan ein nemne Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy, Skatteoppkrevjaren, Høgskulen og kommunestrukturen. Johannessen avviser ikkje justerte kommunegrenser.

– Men eg avviser teorien om at desto større kommune blir, desto betre blir den. Eg meiner svært mange av dei små kommunane er gode for innbyggarane og leverer gode resultat. Dei må få lov til å vere små i framtida, seier han.

– Viktig å stå opp

Som leiar i Politiets Fellesforbund meiner Johannessen å ha jobba mot og kjent på kroppen over fleire år ein manglande respekt for verdiskapinga og verdiane som er utanfor Sinsenkrysset.

– Eg kjenner retorikken frå oslomiljøet. Av og til er det til å bli skremd av. For meg er det så til dei grader viktig å stå opp for små miljø, seier han.

Fridtjov Urdal

TALA: Kulturpersonen Fridtjov Urdal var ein av fleire som tok ordet då alliansen mot sentraliseringsiveren skulle skipast i Sogndal i dag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal, Einar Rysjedal (Raudt) og kulturarbeidar Idun Losnegård er mellom dei som har sete i arbeidsgruppa for alliansen.

Vil inn i maktapparatet

Solheim meiner alliansen viktig.

– Vi er så få at vi må bli endå flinkare på framsnakking, på å skryte av oss sjølve, elles når vi ikkje dit på grunn av folketalet, seier han.

Målet er å stable på beina eitt styre som kan koordinere jobben som allereie blir gjort.

Jan Geir Solheim

NØGD: Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal,

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Så håpar eg vi gjennom koordinering når lenger inn i maktapparatet og får meir fram kor gode vi eigentleg er, seier han.

– Sterk kraft frå distrikta

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) leia møtet i Sogndal. Ho meiner alliansen berre er byrjinga.

– Saman kan dette bli ei sterk kraft frå Distrikts-Noreg, frå grasrota og frå dei som eigentleg står for verdiskapinga i dette landet, seier ho og trur på ein felles allianse på tvers av meiningsskilnader.

– Vi må heve oss over partipolitiske grenser. Nettopp det at Førde og Fjaler kommunestyre har klart det, viser at du røyrer ved noko som er grunnlaget vårt. Det handlar om kva Norge vi skal ha i framtida, seier ho.