Hopp til innhold

Fekk gå fremst i toget i bygda der alle flagga

Hundrevis av folk i tog og flagg på alle stenger prega tradisjonen tru 1. mai-feiringa i Årdal. Kommunen der 77,5 prosent røysta Ap ved sist lokalval.

Ingrid Heggø 1.mai i Årdal

FREMST I TOGET: Ingrid Heggø (med raud jakke i midten) var årets 1. mai-talar i Ap-bastionen Årdal. Her flankert av mellom anna ordførar Arild Ingar Lægreid.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

«Ser du byen og hjembygdas lier...» heiter det i den tradisjonelle arbeidarsongen frå Arne Paasche Aasen. Og marsjar som denne runga mellom fjella både i Øvre Årdal og på Årdalstangen i dag.

– Det var masse folk og det var veldig god stemning. Det er alltid like kjekt å kome til Årdal fordi alle flaggar. Det var flagg på alle husa vi gjekk forbi. Det er litt unikt i våre dagar, vi såg ikkje ei tom flaggstang.

Det seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø, til NRK nokre timar etter at roen igjen har senka seg over sognebygdene. Som 1. mai-talar i Årdal vart ho møtt av gamle og unge, og eit strålande vêr.

Ein ekte bastion

Ved sist kommuneval røysta 77,5 prosent av årdølene på Arbeidarpartiet, og det er ikkje utan grunn at Ingrid Heggø følte at ho kom til sine eigne.

– Eg trur det er veldig viktig at vi har nokre slike bastionar igjen som står på og syner ei ukueleg vilje og står opp for den tradisjonen og verdiane som 1. mai representerer, seier Heggø.

Avbroten av applaus

I talen sin snakka ho om alt frå klima, til industrisatsing og Nelson Mandela. Og skal ein tru Heggø så vanka det mykje ros og godord til stortingsrepresentanten.

– Det er fantastisk moro å vere der og du er verkeleg blant dine eigne. Ein får jo også ei god sjølvkjensle når ein blir avbroten av applaus midt i talen også. Det er veldig godt å kome til Årdal.

Erling Borgen og Gunn Marit Haugsbø

STOLTE: Samfunnsdebattant Erling Borgen og fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsbø, heldt tale og appell under 1. mai-feiringa i Høyanger.

Foto: Stian Haaheim / NRK

Stolt over å bli invitert

Også i andre bygder og byar i Sogn og Fjordane var det god oppslutning om 1. mai-feiringa i dag. I Høyanger var det den kjende journalisten og samfunnsdebattanten Erling Borgen som heldt talen for dagen.

I NRK si ettermiddagssending onsdag sa han mellom anna at det var med djup respekt han kom for å halde tale i ein stad der 1. mai-tradisjonane står så sterkt.

– Eg er faktisk veldig stolt over å ha blitt invitert til å halde 1. mai-tale i Høyanger. Eg kjenner godt til Høyanger sine stolte tradisjonar og eg veit ganske mykje om den kampen fagrørsla der har gjort for menneskeverd og humanisme, sa Borgen.

I Høyanger rekna ein seg fram til at om lag 500 menneske var med og gjekk i hovudtoget gjennom sentrum, medan også mange var med i barnetoget på føremiddagen.

Haugsbø og Strand

FEIRA I DALE: I Dale vart også Fjaler arbeidarparti sitt 80-årjubileum feira i samband med 1. mai. Partiveteranane Erling Haugsbø og Olav K. Strand mottok diplom for over 60 og 50-års medlemskap i partiet. Her saman med dagens appellant, Torbjørn Vereide.

Foto: Arve Helle
I Høyanger held dei 1. mai-tradisjonane sterkt i hevd. Mellom anna med eige barnetog.

BARNETOG: Tradisjonen tru var det også barnetog i Høyanger under 1. mai-feiringa. (Foto/redigering: Lars Jonas Pedersen / gang.no)

Det var god oppslutning om 1. maitoget i Florø.

FEIRA I FLORØ: Også i Florø var det mange som nytta 1. mai-dagen til å gå i tog. (Foto/redigering: Truls Kleiven)