Hopp til innhold

Alexela Sløvåg endrar konseptet

Alexela Sløvåg i Gulen endrar konseptet for å prøve å unngå økonomisk ruin.

Alexela Sløvåg og Halvard Oppedal

SKEPTISK: Ordførar Hallvard Oppedal i Gulen er skeptisk til at Alexela Sløvåg no endrar driftskonseptet sitt.

Foto: Montasje / NRK

Frå konseptet med å lage bensin, går dei no over til tilsetjing av stoff i bensinen for å prøve å snu store underskot til overskot.

Ordføraren i kommunen er skeptisk, men dagleg leiar Alexela Sløvåg, Lars Narverud, seier på si side at det nye konseptet er trygt.

– Det kan til dømes vere tilsetjing av bioetanol i bensin for å få ned utsleppa og få ein reinare kvalitet, eller det kan vere tilsetjing av parafin til 101-oktanbensin for å få flybensin, seier Narverud.

Ordførar: – Vi er skeptiske

Alexela Sløvåg har ikkje vore direkte heldige med satsinga si i Gulen. Dagen etter at selskapet tok over anlegget i mai 2007, gjekk to tankar i lufta etter at ulike produkt var blanda saman i tankane.

Neste etappe vart rettssaker mot tidlegare eigar og store kostnader i samband opprydding etter eksplosjonane.

Då det nye moderne tankanlegget stod klart til bruk, hadde fraktprisane endra seg så dramatisk at det er meir lønsamt å mellomlagre bensinprodukt i tankskip enn i tankanlegg på land.

Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, var ikkje kjend med at Alexela har endra konsept og han likar det ikkje.

– Det er klart vi er litt meir skeptiske til denne biten. Vi var ikkje særleg nøgde med det som var tidlegare, og meiner det er mykje betre med rein mellomlagring enn det å begynne å blande stoff, seier Oppedal til NRK.no.

Avviser av det er grunn til å frykte konseptet

Det estiske-eigde selskapet har så langt tapt ein halv milliard kroner i Gulen, og Narverud seier det var heilt naudsynt å endre driftskonseptet.

Han fortel løyver til blanding og tilsetjing av ulike produkt er på plass, og avviser at det er grunn til å frykte det nye konseptet.

– Nei, det er det ikkje. Dette er heilt innanfor dei operasjonsløyva vi har, så slik sett er det ikkje noko forandring.

– Så det er ikkje fare for eksplosjon her?

– Ikkje meir enn den vanlege drifta medfører. Ei kvar bedrift har vel ein fare for ein eksplosjon på ein eller anna kalkulert risiko, men ikkje noko meir enn det vi allereie har kalkulert med, seier Narverud.