Kommentar av
Rolf Sanne-Gundersen, distriktsredaktør
På grasbana som trenar har Harald Aabrekk vore fantastisk dei to åra han no har trena Sogndal. Slik han var to av dei tre sesongane han var trenar i Sogndal tidleg på 90-talet.
Skilnaden frå sesongen 2011 og sesongen 1991 var Jostein Flo. I 1991 kom den målfarlege stryningen heim og løfta laget etter opprykket til ein sterk 9. plass i toppserien.
I år har Harald Aabrekk laga gull av gråstein.
- LES OGSÅ:
Dyktig trenar
Han har klart å halde eit nedrykksdømt lag i toppserien. Eit lag med ukjende spelarar, fleire av dei ikkje gode nok for andre klubbar.
Ein imponerande prestasjon alle i Sogndal og resten av fotball-Norge applauderer og respekterer. Aabrekk er ein dyktig trenar med unike evner til å utvikle enkeltspelarar, og ikkje minst evner til å organisere eit lag.
Men Harald Aabrekk er Harald Aabrekk, og Harald Aabrekk blir aldri lenge i same klubb.
Reiste i sinne
I 1992 reiste han frå Sogndal etter eit nedrykk og ein sesong der han rauk uklar med dei fleste, inkludert spelarlegenda Knut Christiansen og leiarlegenda Rolf Navarsete. Han reiste før han fekk heider for den jobben han hadde gjort i tre år.
Historia gjentek seg i år. Han reiser i sinne med slutthelsinga «aldri meir Sogndal».
Eit slikt utsegn burde jo ha skapt debatt. Geniet Harald Aabrekk reiser frå «småguteklubben» Sogndal med unge leiarar som ikkje kan drive ein toppklubb. Det inntrykket har han lukkast i å skape, ikkje berre hos vanlege folk utanfor Sogndal, men også hos enkelte kommentatorar.
Men dei som kjenner klubben rister på hovudet og seier, slik er han, Harald Aabrekk.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Unge ja, men...
Det er korrekt at Sogndal har unge leiarar i 30-åra med Egil Mundal (dagleg leiar) og Tor Arne Ness (styreleiar) i spissen. Men Aabrekk er ikkje eit organisatorisk geni. Snarare tvert om blir han oppsummert slik av ein av dei som kan Sogndal best; «fantastisk på grasmatta, ein katastrofe utanfor bana».
Aabrekk har ført ein intern strid med leiinga gjennom heile sesongen. Hans krystallklare krav har vore at klubben utelukkande skulle tenkje Aabrekk og hans menn i prioriteringa av økonomi og trening.
Usemja er møtt med idiotforklaring.
Drive i balanse
Ein konsekvens av Aabrekks treningsregime var at Sogndal 2 ikkje fekk låne spelarar fordi han skulle trene dagen etter. Laget rykte ikkje opp til 3. divisjon, slik klubben ville for å utvikle dei nest beste. Ein annan konsekvens var at samarbeidet med dei vidaregåande skulane vart avvikla. Aabrekk ville bruke pengar på kjøp av nye spelarar, leiinga ville bruke pengar men drive i økonomisk balanse.
Fleire meiner faktisk Harald Aabrekk har øydelagt ein treningskultur som er bygd opp gjennom mange år, og som betyr at spelarane skal kombinere skule og trening. Det har dei ikkje gjort under Aabrekk.
Kort fortalt er det mange som no er letta over at Aabrekk har reist frå bygda. Glade for at dei kan ta til med å byggje opp igjen den treningskulturen laget har hatt i mange år, og det fokuset klubben skal ha.
Sogndal skal ikkje vere i toppserien kvart år, men av og til når laget er godt nok.
- LES OGSÅ:
Økonomisk balanse
Eg veit også at ikkje berre leiinga er letta, men også støtteapparatet kring Aabrekk er letta over å kunne gå på jobb utan å trakke midt inne i eit konfliktsenter som har tært på humøret og kreftene.
Samtidig veit også klubben at ny trenar, eit nytt treningsregime i tråd med klubbens filosofi kan bety nedrykk neste sesong. Paradoksalt nok er det prisen Sogndal kan kome til å måtte betale for at Aabrekk no har reist.
Men i Sogndal handlar ikkje berre toppfotball om å utvikle nye fotballtalent, det handlar også om å byggje nye leiartalent som skal føre klubben vidare. Det handlar om å ta vare på ein ideologi og filosofi om å drive som eit lag for heile Sogn og Fjordane i økonomisk balanse.
- LES OGSÅ:
Harald Aabrekk har gjentekne gonger fortalt media at den viktigaste konfliktlinja mellom han og klubben er at han vil satse på ei fylkeslinje med lokale spelarar, medan klubben vil noko anna.
Dette er ikkje korrekt. Foredling av spelarar frå Sogn og Fjordane har vore Sogndal sin filosofi sidan dei henta Aabrekk sjølv som 17-åring i 1973.