Hopp til innhold

– Det er klart me ser at det kan vera ein fordel å ha større einingar

Terje Brandsøy, som er dagleg leiar ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane, er positiv til å samla administrasjonen i brannkorpsa i større einingar enn dei er i dag.

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved alarmsentralen

– SENTRALISERING KAN VERA BRA: Terje Brandsøy, dagleg leiar ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane, seier ei sentralisering av leiarane i brannkorpsa kan vera positivt.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Torsdag la Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fram to rapportar om brannane i Lærdal, Gudvangatunnelen, Frøya og Flatanger.

Anne Rygh Pedersen

DSB-DIREKTØR: Anne Rygh Pedersen.

Foto: DSB / Presse

Dei kom blant anna med kritikk til korleis sløkkings- og redningsarbeidet vart leia lokalt. DSB ønskjer å gjera brannkorpseiningane større for å betra dei.

– Me har eit behov for å profesjonalisera leiarapparatet, sa fungerande DSB-direktør Anne Rygh Pedersen til NRK i går.

Ho presiserer at det berre er snakk om leiarane som skal sentraliserast. For å seia det enkelt: brannbilane og brannmannskapa skal framleis vera att ute i kommunane.

– Ser fordelen med større einingar

Terje Brandsøy, dagleg leiar ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane, er samd i Rygh Pedersen at det kunne vore betre med ei meir sentralisert leiing.

– Først og fremst vil eg rosa mannskapa i aksjonane. I denne saka er det berre snakk om dei administrative einingane, seier han, og held fram:

– Men det er klart me ser at det kan vera ein fordel med større einingar.

Mange kommunar har brannsjefar som ikkje er tilsette i heile stillingar.

– Sogn Brann og redning, som er eit interkommunalt samarbeid mellom fem kommunar – Sogndal, Luster, Leikanger, Vik og Balestrand – har ein brannsjef i 100 prosents stilling fordi dei har slege seg saman. Det same har dei gjort i Lærdal og Årdal, der dei også har slege seg saman og har ein brannsjef i 100 prosents stilling, seier han.

– Det er betre enn brannsjefar i kvar kommune som har til dømes ei 20 prosents stilling.

– Hadde ikkje blitt gjort annleis

– Hadde større stillingsprosent vore utslagsgjevande for korleis sløkkearbeidet i Gudvangatunnelen og Lærdal gjekk?

– Nei. Nei, det trur eg ikkje. Dette var store hendingar som var heilt spesielle. Me har fått rapporten frå DSB og så får me evaluera det og ta lærdom av det, seier Brandsøy.

– Men dette gjeld jo ikkje berre oss, men heile landet. Dette er så store og spesielle hendingar at det er viktig at me lærer av det, og at me i ettertid korleis me skal organisera oss i framtida, seier han.

Sjølv om Brandsøy er samd i at ein kan tena på å sentralisera leiinga, er han klår på at bilar, stasjonar og mannskap skal vera att ute i kommunane.

– Brannstasjonane er spreidde slik dei må vera etter krava til utrykkingstid, og brannkorpsa har ikkje fått kritikk for treig utrykking. Når det gjeld overordna leiing og administrasjon kan ein truleg tene meir om ein organiserer seg annleis med litt større einingar. Det blir interessant å følgja utviklinga vidare, seier han.