Hopp til innhold

– Han tek det tungt

NORDFJORDEID (NRK): Advokat Elisabeth Elliott, forsvararen til ein av dei tre unge mennene som er sikta for seksuell omgang med ei jente under 16 år, seier klienten hennar har det tøft.

Etterforsking Nordfjordeid Malakoff politi

STORE RESSURSAR: Politiet har brukt og vil bruke store ressursar på etterforskinga, seier lensmann Vebjørn Moa.

Foto: Øystein Torheim / NRK

– Han tek det tungt. Det er ei alvorleg sak. Men utover det ønskjer eg på noverande tidspunkt ikkje å kommentere verken siktinga eller avhøyret som er teke av han, seier Elliott.

Ei jente, som er 14 eller 15 år, politimelde ei valdtekt som skal ha skjedd på Nordfjordeid natt til søndag. Tre unge menn, alle under 20 år, er sikta for seksuell omgang med barn under 16 år og vart arresterte på to ulike stader i Nordfjord søndag.

Varetektsspørsmål ikkje avgjort

Den eine av dei sikta vart slept fri etter politiavhøyr tidlegare i dag. To vart haldne i arresten fordi politiet var redde for at bevis skulle gå tapt.

Reidun Sæle Kongsvik, forsvararen til ein av dei sikta, vil i kveld ikkje kommentere kva som har kome fram under avhøyret i ettermiddag eller korleis klienten hennar stiller seg til siktinga. Ho har heller ikkje informasjon om klienten hennar vert halden i arresten til i morgon.

I ei pressemelding måndag ettermiddag opplyste politiet at varetektsfengsling av dei to som framleis sit i arresten blir vurdert etter at avhøyra er gjennomførte. Lensmann i Eid, Vebjørn Moa, seier måndag kveld til NRK at spørsmålet om varetekt ikkje er avgjort.

Vebjørn Moa

LENSMANN: Vebjørn Moa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det får vi sjå etter kvart som etterforskinga skrir fram. Vi er tidleg i etterforskinga og vi får sjå kva som skjer utover kvelden og natta, seier Moa.

Store ressursar på etterforsking

Lensmannen seier politiet ser alvorleg på saka, og at det framleis vil bli brukt store ressursar.

– Melding om ei valdtekt ser vi veldig alvorleg på. Heilt sidan meldinga kom har vi sett inn veldig mykje ressursar for å kome snarleg fram til kva som har skjedd, seier Moa.

Den fornærma jenta er ikkje busett i Nordfjord. Bistandsadvokat Ann Mari Bjørlo, som representerer henne, vil ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt.